Hopp til innhold

- Tåkelegg aktiv dødshjelp

Krf til åtak på Frp om den betente saka.

Åge Starheim
Foto: Brit Jorunn Svnaes / NRK

- Frp driv med tåkelegging om aktiv dødshjelp, seier fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik.

Rabalder i vekesvis

Trude Brosvik

Fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik.

Foto: Vegar Erstad / NRK

I fjor gjekk Frp inn for å støtte aktiv dødshjelp i sitt prinsipprogram. Det førte til mykje rabalder i fleire veker etterpå.

Stortingsrepresentant frå partiet Åge Starheim vedgjekk at han ikkje var så begeistra for forslaget. Men Starheim har ikkje gjort noko framfor årets landsmøte for å fjerne det omstridde punktet. Det meiner Brosvik er dårleg.

Siv vil ikkje fronte saka

Siv Jensen vil nekte illegale innvandrere legehjelp.

Siv Jensen seier partiet ikkje vil fronte aktiv dødshjelp.

Foto: Holm, Morten, Morten Holm, Foto: Morten Holm / Scanpix

- Eg meiner Starheim og partileiinga driv med dobbeltkommunikasjon her. Og eg hadde forventa at dei ved første høve gjorde noko med saka sidan dei i valkampen sa at aktiv dødshjelp ikkje var aktuell politikk, seier Brosvik.

Det var fleire enn Starheim som reagerte på at partiet gjekk for aktiv dødshjelp. Og i ettertid har sjølv partileiar Siv Jensen sagt at partiet ikkje vil fronte aktiv dødshjelp.

Brosvik kan derfor ikkje forstå at ikkje Frp endrar den vedtekne politikken framfor årets landsmøte denne helga.

Vil ikkje gjere noko i saka

Fremskrittspartiets landsmøte

På landsmøte til Framstegspartiet gjekk dei inn for aktiv dødshjelp.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

Men Starheim seier partiet ikkje har tenkt å gjere noko med politikken om aktiv dødshjelp no. Han seier at det er ein stor prosess å endre eit prinsipprogram.

- Då måtte vi ha hatt ein prosess i forkant av landsmøte. Altså ei høyringsrunde der alle lokallaga får høve til å uttale seg. Det hat vi ikkje hatt, seier Starheim.

Kan ikkje samarbeide

Brosvik seier dette er ein del av Frp sin politikk som gjer det umogleg for Krf å støtte Frp i regjering.

- Det er heilt utelukka, seier ho.