Bjørn Lødemel. Arkivfoto Vidar Vie NRK
Leiar i Sogn og Fjordane Høgre og ordførar i Hornindal, Bjørn Lødemel seier all sytinga og klaginga øydelegg for utvikling i fylket.
Han meiner det er altfor lettvint å skyve alt ansvar over på stat og regjering når noko går gale i kommunane. Lødemel vil ikkje nemne einskildpersonar, men legg ikkje skjul på at det er den politiske opposisjonen han siktar til. Høgremannen seier dei fremste folkevalde i fylket også framstår som dei fremste sytekoppane. Det smittar over på innbyggjarane og skadar utviklinga i fylket.