Hopp til innhold

- Synd det var så fint ver

Kronprinsesse Mette-Marit deltok på vinterøving på Vikafjellet.

Mette-Marit på snøskuter
Foto: Ingvill Reknes / NRK

Les og: - Velkommen Mette-Marit

- Det skulle jo eigentleg vore forferdeleg ver, så det er synd dei fekk så fint ver under øvinga. Men eg må seie eg er litt glad for det. Eg fekk ein fantastisk tur over fjellet. Og så har eg fått vore med og sett i praksis kva som skjer her ute, sa ei nøgd og imponert kronprinsesse etter dagen på Vikafjellet.

Prinsesse på skuter

Video nsps_upload_2009_3_26_19_38_28_1776.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kronprinsessen på vinterøvelse. Se video.

Kronprinsesse Mette-Marit køyrde snøskuter frå Myrkdalen til Vikafjellet i dag for å vere med på vinterøvinga til Sivilforsvaret i samarbeid med Røde Kors, Norske Redningshunder, politiet og Vegvesenet.

Under øvinga skulle mannskapa ta seg fram til ei bilkolonne med 38 menneske på Vikafjellet for å øve på mellom anna ferdsel i farleg terreng, uttransportering og samband.

- Det har vore ei flott oppleving å kome hit og få vere med inn på fjellet. Det har vore fantastisk å sjå den innsatsen som Sivilforsvaret gjer og apparatet som er involvert for at ei slik øving skal kome i hamn, sa kronprisessa.