Hopp til innhold

- Svindla til seg borna sine pengar

Ein sunnfjording i 20-åra er tiltalt for grovt bedrageri. Ifølgje tiltalen skal mannen ha svindla til seg 140.000 kroner frå ein organisasjon som deler ut midlar til barne- og ungdomsarbeid.

Norges lover
Foto: Scanpix

Ved hjelp av falske underskrifter og fleire søknader har mannen til saman fått utbetalt 140.000 kroner frå Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar. Dette skjedde i perioden frå mai 2001 til oktober 2004.

Men pengane vart aldri brukte på ungdomsarbeid, som var vilkåret for utbetalingane. Politiadvokat Terje Gjertsen karakteriserer det heile som ei grov bedragerisak.

- Det var søkt om midlar til to klubbar som skulle drive med barne- og ungdomsarbeid. Det er ikkje så uvanleg med bedragerisaker i denne storleiken, men det som er litt uvanleg her, er at det gjeld offentlege midlar. Det er uvanleg, seier Gjertsen.

Seks års fengsel

Den øvre strafferamma for slike saker er på inntil seks års fengsel. Forsvarar for sunnfjordingen, Walter Høivik, seier mannen ikkje vedgår forholda, men vil utover det vil han ikkje  kommentere saka.