Hopp til innhold

- Svik mot Sogn og Fjordane

- At Sogn og Fjordane får mindre enn tidlegare til å skape arbeidsplassar er eit stort vonbrot, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

Gunvald Ludvigsen
Foto: NRK

Trass i at andre fylke får auke, får Sogn og Fjordane ein million kroner mindre enn i år etter at Regjeringa har fordelt distriktspotten på statsbudsjettet. Det meiner Ludvigsen er eit svik mot fylket vårt.

 

Nabofylka får auke

Regjeringa løyver mindre til distriktsutvikling i Sogn og Fjordane enn tidlegare år. Medan potten til regional utvikling på landsbasis er auka med 150 millionar kroner, og nabofylka har fått ei kraftig auke, sit Sogn og Fjordane att med ein million kroner mindre enn i fjor.

- Imot all politisk fornuft

Direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, sa tidlegare i dag at dette er merkeleg og imot all politisk fornuft.

- Eit svik

Flatland hadde venta at Sogn og Fjordane skulle få minst 10 millionar kroner ekstra av distriktsutviklingsmidlane, sidan Sunnfjord-kommunane Flora, Naustdal og Førde no er definerte som distrikt. Når ein då opplever kutt vekkjer det stor forundring, Gunvald Ludvigsen vel å kalle det heile for eit svik.