Petter Nordeng (t.v.) og Per Ketil Stautland
-Det er ei fullstendig svartmåling. Eg har aldri høyrt verre. Eg er rysta over den måten tiltalte blir skildra på. Dette er ikkje faktum, og retten må sjå bort frå det, sa forsvarar Stautland.
Han tok og eit kraftig oppgjer med mediepolitikken til
Økokrim.
- Alt nytt som er kome fram under etterforskinga har
Kvalheim fått høyre gjennom NRK Sogn og Fjordane.
Dette gjeld og dei andre som er blitt dregne inn i saka, og det må det vere lov å peike på, sa forsvararen.
-Dette er ikkje rett måte å gjere det på. Dette er ein
mediepolitikk vi ikkje er vane med, sa Stautland.
Han kalla denne saka ein tragedie både for tiltalte og
hans familie.
-Eg må seie at eg difor er overraska over påstanden om den
strengaste straffa lova gir rom for. Dette må vere ei grundig misforståing frå aktor si side. Kva om nokon svindlar for 2,7 milliardar, og Kvalheim har vedgått straffeskuld for 275 millionar? spurde Stautland.
Han peika og på at Kvalheim ikkje har gjort dette berre til eiga vinning, men til beste for bedrifta.