Hopp til innhold

- Svært skuffa

Alexela Sløvåg greidde ikkje å halde avtalen om fjerning av illeluktande avfall.

Alexela i Sløvåg i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Avfallet etter Vest Tank-eksplosjonane i Gulen skulle vore fjerna i går, torsdag. Det skjedde ikkje.

Les også: Risikerer bøter kvar dag

Rart

- Det er svært skuffande og beklageleg. Samtidig synst eg faktisk det også er litt rart at dei ikkje har klart det, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik.

Alexela Slåvåg har ei rekkje gonger lova å fjerne det 800 tonn svært illeluktande og helsefarlege avfallet etter Vest Tank-ulukka i Gulen den 9. mai i fjor. Datoar for når avfallet skulle vore vekke har vore brotne gong etter gong. SFT gav difor Alexela ein siste tidsfrist til i går med å inngå avtale med eit selskap for å fjerne avfallet. Men heller ikkje denne gongen greier Alexela å halde fristen.

SFT fjernar avfallet

Grete Braastad i SFT var ikkje tilgjengeleg for kommentar i går, men sa følgjande om kva som kjem til å skje dersom Alexela ikkje følgjer det oppsette tidsskjemaet.

- Då har vi varsla dei om umiddelbar gjennomføring av tiltak. Vi kjem til å fjerne avfallet sjølv og deretter sende rekninga til Alexela, sa ho.

Håpar på utsett frist

Administerande direktør Håkon Ivarson i Alexela fortalde i går kveld at det var inngått ein munnleg avtale med eit utanlandsk selskap om å fjerne avfallet i Sløvåg. Han håper avtalen blir underskriven ein av dei nærmaste dagane, og at SFT utset fristen nokre dagar. Brosvik meiner på si side at Alexela ikkje bør få meir tid.