Valekspert Knut Henning Grepstad seier at det er heilt ope kven som får dei andre stortingsplassane.
Kvar femte er usikker
Meiningsmålinga Norsk Respons har gjort for Bergens Tidende mellom 8. og 10. september viser at 20 prosent av veljarane i Sogn og Fjordane framleis ikkje hadde bestemt kven dei vil røyste på ved måndagens stortingsval.
Høgre og Venstre taper
Høgre og Mathias Råheim får 7,6% av røystene, nesten 5 prosentpoeng under oppslutnaden for fire år sidan, og 2,5 prosentpoeng lågare enn i august. Gunvald Ludvigsen og Venstre går også attende og får 3,5% oppslutnad.
KrF-framgang
Det einaste regjeringspartiet som går fram er Kristeleg Folkeparti som får fire prosentpoeng meir enn sist månad, men må gå endå meir fram for å få eit stortingsmandat.
Frp og SV har mandat inne
Trass ein viss tilbakegang har Framstegspartiet og Åge Starheim framleis 15,7%, medan Heidi Grande Røys i SV med 12,2 % er tett på valresultatet for fire år sidan. Ho kjempar truleg mest med Åge Starheim, Per Steinar Osmundnes og Arbeidarpartiets Ingrid Heggø om to av mandata.
Ap og Sp siktar mot to mandat
Arbeidarpartiet har på denne målinga 25,1%, ein tilbakegang på 1,7 prosentpoeng frå august. Senterpartiet er nest størst med 20,9%, og har gått fram med 1,8 prosentpoeng sidan augustmålinga. Både dei og Arbeidarpartiet har ambisjonar om to mandat på Stortinget.
Men valkommentator Knut Henning Grepstad meiner valet er svært ope.