Solheim hevdar no at Sunnfjord Energi har halde tilbake opplysningar som gjer at Stortinget har vedteke utbygging på sviktande grunnlag.
- For stort åleine
Tidlegare i dag sa Harry Mowatt, styreleiar i Sunnfjord Energi og Kjøsnesfjorden Kraftverk, at dei vil ha med BKK og SFE mellom anna fordi det blir eit for stort prosjekt for Sunnfjord Energi å reise kapital åleine.
Provosert
Det er denne utsegna frå Harry Mowatt som har provosert leiaren i Norges Naturvernforbund. Erik Solheim kjempa knallhardt mot og tapte kampen om utbygging av kraftverket i Jølster. Utbygginga av Kjøsnesfjorden Kraftverk er omstridd fordi ho går inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Men Stortinget sa ja til prosjektet som Sunnfjord Energi reknar med vil koste 500-600 millionar kroner.
Sær problemstilling
Harry Mowatt tilbakeviser påstandane frå Solheim, og seier at han reiser ei svært sær og uinteressant problemstilling.