Hopp til innhold

- Styret i Helse Førde har svikta

Det er styret sitt ansvar dersom det har oppstått kritikkverdige forhold i samband med innkjøp og tilsetjingar i Helse Førde.

Det meiner Nils Eckhoff Hestnes som i mange år har jobba med organisasjonsutvikling i det private næringslivet. Han meiner styret i Helse Førde har svikta og at dei ikkje brukar det mandat dei har til å styre verksemda.

- Direktøren var uthengd både for det eine og andre her. Dei er jo ikkje kompetente, seier  Eckhoff Hestnes.

- Det er ganske harde ord?

- Ja, det er det. Men vi ser kva resultat vi har fått, og kva slags omdømme Helse Førde har no, seier han.

- Bråket kunne vore unngått

Eckhoff Hestnes er sertifisert revisjonsleiar og har i mange år jobba med organisasjonsutvikling i næringslivet. Han meiner at alt bråket kring møbelkjøp og tilsetningar i Helse Førde kunne vore unngått dersom styret innført same retningsliner som er vanleg i det private næringslivet. Styret skulle innført klare avgrensingar for kor mykje pengar som kan brukast på kvart nivå i organisasjonen før styret skal koplast inn. Styret burde også gitt klare retningsliner for korleis tilsettingar skal skje.

- Det er styret som skal hjelpe administrerande direktør med å styre drifta, og då er det viktig at styret gjev dei direktiv som skal til for å få ein god profil på dette, seier han.

- Han har rett

Clara Øberg som er styreleiar i Helse Førde seier at Eckhoff Hestnes har rett.

- Eg sa på eit tidleg tidspunkt at Jon Bolstad ikkje har gått ut over fullmaktene sine med møbelkjøpet. Han har helde seg innafor budsjettet, men på grunn av det omfanget som sakene fekk og på grunn av dei reaksjonar det vart hos folk, så vart det at vi tok sakene tilbake til styret, seier Øberg.

- Kva vil de i Helse Førde gjere for å unngå at de kjem i ein slik situasjon igjen?

- No jobbar Helse Vest med fullmaktene, og dei vil gjelde for alle føretaka innan Helse Vest-området. Og det vil gjere det mykje klarare for oss i framtida. Men det er heilt klart at Bolstad ikkje har gått ut over fullmaktene sjølv om styret vel å kritisere vurderingane som er gjort i dette tilfellet, seier ho.