Hopp til innhold

- Støy kan ha vore årsaka

Berit Seljeseth Osa
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det seier leiar i Flora Høgre, Berit Seljeseth Osa etter at ho vippa ut av valnemda si innstilling.

Uproblemtisk

Ho har vore 1.nestleiar i fylkesstyret i fleire år, men etter fylkesårsmøte i Høgre om tre veker, kan tida i vervet vere over for Berit Seljeseth Osa.

- Det er uproblematisk at valnemnda har innstilt andre til nestleiar-vervet i fylkesstyret til Høgre, seier Osa.

Jacob Nødseth
Foto: AUF i Sogn og Fjordane/Erlend Bø

Men ho kan ikkje utelukke at bråket mellom ho og Jacob Nødseth har vore ein årsak vrakinga.

- Eg ser ikkje vekk i at frå vore oppe i no med Nødseth har vore med å påverke dette, seier Osa.

Eva Marie Halvorsen
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Halvorsen som andrekandidat

For i innstillinga frå valnemnda har dei instilt at Arve Mjømen frå Gulen skal rykkje opp i vervet til Osa, og at Eva Marie Halvorsen frå Førde skal inn som 2. nestleiar.

- Om valnemnda vil ha endring lever eg godt med det.

Lødemel vil verne Nødseth rundt seljeseth Osa og Flora Høgre den siste tida.

Ein langvarig konflikt med partikollega Jacob Nødseth har toppa seg den siste tida, og etter at Nødset vart skulda for å skrive si eiga støtteerklæring signert Framstegspartiet i Florø, måtte fylkesleiar Bjørn Lødemel på banen for å mekle mellom dei to.

Mogleg årsak

Valnemnda kom med si innstilling på bakgrunn av ønskja til lokallaga i fylket, og leiar Marit Pettersen seier det vi har vore oppe i no med Nødseth kan ha vore årsaka til at ho vart vippa ut av innstillinga.

- Det kan sjølvsagt vere ei årsak til at ikkje fleire har stemt ho opp, seier Pettersen.

Må ta ansvar

- Det er eg som lokallagsleiar som må ta frontane , seier Osa. Men ho legg til at ho trur situasjonen hadde vore lik i Flora Høgre uavhengig av kven som hadde vore leiar.