NRK Meny
Normal

- Ferjeavløysingsordninga er laus og uforpliktande lovnad frå regjeringa

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) jublar ikkje over regjeringa sitt forslag til ferjeavløysingsmidlar. – Laus og uforpliktande lovnad, er Følling sin karakteristikk.

Jenny Følling

TRUR IKKJE PÅ REGJERINGA: Ordninga med ferjeavløysingsmidlar må bli vedteke av Stortinget før Jenny Følling slepp jubelen laus for ordninga som sikrar ferjeavløysing.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er gode intensjonar, men det blir ikkje vedteke som ein del av inntektssystemet når Stortinget vedtar dette i neste veke dersom det går slik som i Komunalkomiteen.

Det som er realiteten er at fleirtalet i Kommunalkomiteen i ein merknad seier:

«Fleirtalet ber regjeringa vurdere ei ordning med ferjeavløysingsmidlar for fylkesvegsamband innanfor inntektssystemet tilsvarande som for riksvegferjer.»

Kystjubel over ordninga

Tidlegare denne veka jubla kystordførarane over at regjeringa i samarbeid med Venstre og KrF var blitt einige om ferjeavløysingsordninga. Dette er ei ordning der ein vidarefører ferjetilskotet i minst 40 år når ein byggjer bru eller tunnel for å erstatte ei ferje.

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, sa at ordninga ville få fart på viktige samferdsleprosjekt i Sogn og Fjordane, som Kystvegen, Ytre Steinsund og Atløysambandet.

Forslag ligg på bordet

Men Følling trur ikkje på ordninga så lenge det ikkje er gjort vedtak i Stortinget.

– Eg synest det er oppsiktsvekkande at dei seier ei ordning er sikra så lenge Stortinget ikkje har gjort vedtak.

Følling viser til at Senterpartiet og SV derimot har eit heilt konkret forslag til vedtak om å realisere ferjeavløysingspengar i 40 år.

– Det er rart at ein ikkje kan stemme for eit forslag som ligg på bordet som slår fast at ordninga skal vere på plass som ein del av inntektssystemet, seier Følling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.