Hopp til innhold

- Større kommunar er betre rusta til å takle verre klima

Klima- og miljødepartementet meiner kommunesamanslåing kan gjere kommunane betre rusta til å handtere klimaendringane. Den påstanden får både KS og Vestlandsforsking til å klø seg i hovudet.

Lars Andreas Lunde
Foto: Arnstein Jensen / NRK

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Lars Andreas Lunde (H), meiner den varsla kommunereforma til regjeringa kan vere løysinga på problemet med klimatilpassing i kommunane.

– Klimaendringane gir store utfordringar, ikkje minst når det gjeld kompetanse og kunnskap. Vi trur mange kommunar er for små til å ha robuste fagmiljø til dette. Difor er kommunereforma viktig for å skape større og meir robuste kommunar, med fagmiljø som kan handtere større utfordringar i arealplanlegginga enn tidlegare, seier Lunde.

Meiner det er ei forenkling av problemet

– Eg synest det statssekretæren seier er ei forenkling av ei så vanskeleg oppgåve. Det overraskar meg voldsomt, seier Jenny Følling, leiar i KS i Sogn og Fjordane, kommunane sin interesseorganisasjon.

Jenny Følling

KS-LEIAR: Jenny Følling.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Klimaforskar og forskingsleiar i Vestlandsforsking, Carlo Aall, er like overraska.

– Eg deler oppfatninga til Følling. Det blir litt slik at dersom du ikkje kan gjere noko med problemets eigentlege karakter, kan du i alle fall omorganisere.

Trur ikkje på øyremerka midlar

Eit utval leia av tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte leverte i 2010 ein rapport med over 150 tiltak for klimatilpassing. Statssekretær Lunde seier dei har vurdert alle tiltaka, gjennomført nokre, og framleis jobbar med andre.

Eit av tiltaka var å gje kommunane øyremerka midlar til å bu seg, mellom anna når det gjeld planlegging av vegar og busetnad. Det trur ikkje statssekretæren er eit godt forslag.

– Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å handtere klimautfordringane. Det er viktig at dei tek ansvaret gjennom å skape større og meir robuste fagmiljø. Eg trur det viktigaste kommunane kan gjere er å slå seg saman.

– Så øyremerka midlar til klimatilpassing, eit av forslaga frå utvalet, ser regjeringa ikkje som eit godt forslag?

– Vi trur nok ikkje det er det beste forslaget. Vi trur at det viktigaste er å skape større og betre, slagkraftige kommunar, seier Lunde.

Trur samanslåing kan vere negativt

Følling og Aall er samstemte, og sterkt ueinige med statssekretæren. KS-leiaren meiner kommunane treng meir pengar.

– Kommunane treng ressursar gjennomføre klimatilpassingstiltak for å sikre infrastruktur, busetnad og andre ting. Kommunesamanslåing må drøftast heilt uavhengig av dette. Kommunereform er ikkje svar på alle spørsmål.

– Dersom problemet er at kommunane ikkje har fagkompetanse og planverk nok til å takle desse utfordringane, er ikkje ei løysing då å få større og sterkare fagmiljø, robuste kommunar som regjeringa kallar det?

– Kommunane greier å lage og gjennomføre planar, dersom vi har pengar til det, seier Følling.

Carlo Aall forstår ikkje korleis ei kommunereform skal løyse problema.

Carlo Aall, klimaforskar, Vestlandsforsking

CARLO AALL: Klimaforskar i Vestlandsforsking.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– I vår forsking ser vi at kommunane manglar kunnskap og kapasitet på ein del område, men vi ser ikkje at kommunesamanslåing vil løyse dette problemet. Tvert om, det kan slå motsett ut: Den lokale kunnskapen er veldig viktig for å handtere desse utfordringane, og då er nærleik eit viktig poeng.