Hopp til innhold

- Stopp kriminaliseringa av Gilde

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) kjem med sterk kritikk av Mattilsynet. Dei ber tilsynet stoppe det dei kallar kriminaliseringa av Gilde og deira tilsette.

Det er spesielt Mattilsynet sine planar om å ta avføringsprøvar frå Terina-tilsette i Sogndal som har fått forbundet til å reagere.

Dei krev no at det vert oppretta ein uavhengig granskingskommisjon for å evaluere alle sider ved E.coli-saka.

- Tilsette i Gilde er trass alt menneske. Det er noko som heiter personvern også for tilsette i  matindustrien. Vi reagerer skarpt på framferda til Mattilsynet i denne alvorlege situasjonen, meiner hovudkasserar Arild Oliversen.

- Set enkeltmenneske i gapestokk

Forbundet hevdar dei ikkje kjenner seg igjen i det biletet som no er skapt av norsk matvareindustri.

- I meir enn ein månad har mistanken vore retta mot anlegget på Rudshøgda. Etter at fleire tusen prøvar er anlyserte med negativt resultat, og etter at ein har fått stadfesta treff på E O103 i Sognemorr frå Sogngdal, nektar Folkehelseinstituttet framleis å friskmelde anlegget på Rudshøgda. Og etter å ha sett fleire anlegg i gapestokk, vert mistanken no retta mot enkeltmenneske. Om ei privat bedrift hadde gått fram på same måten som Folkehelseinstituttet og Mattilsynet ville det fått følgjer for leiinga i bedrifta, meiner Oliversen.