Han er ikkje ein gong sikker på om han vil kalle det for ein skikkeleg rapport. - Frå SINTEF si side er det kalla eit notat. Det er jo ikkje eit vitskapeleg arbeide som er utført, men meir ei utreiing på oppdraget i frå Helse Vest som oppdragsgjevar, seier Olsen jr.
SINTEF samanlikna Helse Vest med Helse Fonna - som omfattar sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord. Konklusjonen var at folk i Sogn og Fjordane brukte sjukehusa meir, og at Helse Førde hadde 100 sjukehussenger meir enn Helse Fonna innan kirurgi, ortopedi og indremedisin. Ein slik rapport er sjølvsagt kjærkomen for eit styre som skal spara pengar og sengeplassar - men Olsen håpar dei ikkje tek alt som står der for god fisk.
Forskjellig befolkningsstruktur
- Statistisk er det ganske stor forskjell på befolkningsstrukturen. Rogaland har den yngste befolkninga i landet, og Sogn og Fjordane har nesten den eldste. Vi veit også at busetnadsmønsteret er veldig forskjellig. Dette kan sjølvsagt ha verknad på bruken av sjukehustenestene. Den problemstillinga har dei ikkje gått inn i, seier Olsen jr.
- Må ta hensyn til primærhelsetenesta
Olsen peiker også på situasjonen i primærhelsetenesta når han vil visa at tilhøva i dei to helseføretaka ikkje er så lett å samanlikne som ein kanskje skulle tru. - Vi veit at situasjonen i Sogn og Fjordane er spesielt vanskeleg. Det er faktisk den dårlegaste i heile landet. Viss ein gjer vedtak utan å ha gått nærmare inn på det som ein mogleg årsaksforklaring, så vert det feil grunnlag å gjere vedtak på, seier leiaren i Sogn Regionråd.
Helse Førde har styremøte i Florø i dag, der dei mellom anna skal handsame SINTEF-rapporten om talet på sengeplassar i Sogn og Fjordane.