Hopp til innhold

- Steroidar er russisk rulett

- Det er russisk rulett å bruke steroidar.

Bjarte Hauge
Foto: Oddleif Løset / NRK

Det seier Bjarte Hauge som sjølv har vore aktiv i vektløftarmiljøet i Førde. Han er og medaksjonær i Sunnfjord Gym.

- Du veit ikkje kva du kjøper og puttar i deg. Dei fleste brukar dette på eigahand, men har ikkje peiling på mengd og dosering. Eg fattar ikkje at dei tek sjansen, seier han.

LES OGSÅ: Sju pågripne i stor dop-sak

- Skjønar ikkje konsekvens

Det er ikkje utan grunn at Hauge er uroa etter at politiet i helga pågreip sju ungdomar og kverrsette store mengder narkotika og steroidar i Sunnfjord. Bruk av steroidar er spesielt utbreidt innan kraftkrevjande idrettar, men vert også brukt som stimulator for veksthormonar for å auke muskelvolumet. Difor vert det også nytta innan kroppsbygging. I tilleg vert det nytta for å få ein meir muskuløs kropp.

LES OGSÅ: Distribuerte dop til heile landet

- Det er eit stort problem at folk ikkje tenkjer konsekvensar av det dei driv med. Det må meir informasjon til og det må settast på dagsorden. Allereie i barneskulen må borna få åtvar om både pillar, steroidar, narkotika og alkhol, seier Hauge.

- Forby det

Hauge meiner betre informasjon må til for å bremse bruken av steroidar. Han er også samd med Stian Grimseth i at det må sterkare lut til for å få stogg på dopbruken.

LES OGSÅ:  Vil sidestille dop og narkotika

- Eg skjønar ikkje kvifor politidirektoratet ikkje går inn og forbyr dette på lik linje med narkotika. Så lenge det er lovleg, så får ikkje gjort noko med det, seier han.