Hopp til innhold

- Sterke opplevingar for dei som stod i det

252 personar er evakuerte frå heimane sine i Flåm. – Elva er no på veg til å trekke seg tilbake, seier ordføraren.

Ordførar Noralv Distad

ALVORLEG:– Situasjonen var kritisk og særs dramatisk for dei som stod i det, seier ordførar i Aurland Noralv Distad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Det er ikkje meldt om skade på personar, men det har sjølvsagt vore sterke opplevingar for dei som stod oppe i det. Det skjønar alle, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Vasstanden på veg ned

– Dei som trong hjelp vart frakta til legekontoret og vidare til sjukeheimen, vi hadde god oversikt over kven som trong hjelp, og dei fekk den hjelpa det var behov for, seier ordføraren til NRK.

I morgontimane melder han at vasstanden er på veg ned igjen, og nærmar seg normalen.

– Dei siste opplysingane er at vasstanden har gått ned med ein halvmeter ved Fretheim hotell. Det betyr at dei overfløymde områda om lag er tilbake til normalen. Så blir det ei vurdering på om folk kan kom tilbake til heimane sine, seier Distad.

Dramatisk situasjon for folk

Han fortel om ei dramatisk natt, der to helikopter måtte hjelpe til i evakueringa av fleire personar i Flåm. Dei enorme vassmengdene hadde vaska vekk bruer og vegar, og isolerte 22 personar. Tre hus gjekk med i vassmassane. Totalt har 252 personar vore i kontakt med kommunen i samband med evakueringa i kommunen. Også fleire japanske turistar måtte evakuerast ut av eit tog på Flåmsbana tysdag ettermiddag.

– Det var krevjande for mange. Folk måtte forlate husa og opphalde seg ute i før dei fekk hjelp. Slik vi ser det no, så er alle i dei utsette områda på trygge plassar. Det har vi prioritert i denne kritiske fasen, seier Distad til NRK onsdag morgon.

Han rosar innbyggjarane i kommunen for måten dei har teke vare på kvarandre og organisert hjelp.

Her landar redningshelikopteret i Aurland

Går inn i ny fase

I Flåm blir både barnehagen og skulen halden stengd onsdag. Skulebåt og arbeidsskyss blir ikkje sett opp onsdag. Kommunen held også ekstraordinært formannskapsmøte klokka 07.30, for å oppdatere politikarane om situasjonen. Vassverket i Undredal er ute av drift som følgje av flaumen.

– Folk får den hjelpa som trengst. Det er viktig at folk får kvile. Så er dei sjølvsagt opptekne av korleis det ser ut når dei vender tilbake, det blir neste fase, seier Distad.

To bruer er heilt vekke, og andre er truleg skadde. Fleire vegar er vaska ut, og fløymde over. Mange hus og forretningsbygg har fått skadar. I morgontimane er vasstanden på veg ned igjen mot normalen.

– No skal vi ha synfaring for å få oversikt, og så avgjere kva tiltak som må settas inn. Det blir fortløpande vurdert, fortel ordføraren, som legg til at dagen i dag blir ein unntaksdag i kommunen.

Elva i Aurland har gått over breiddene. Flåm stasjon står under vatn.