NRK Meny
Normal

Anklagar Statnett for skremselspropaganda - Statnett: - Vi formidlar situasjonen

Statnett har tidlegare uttalt at utsettinga av den nye kraftlinja mellom Fardal og Ørskog kan føre til høgre straumrekningar for forbrukarane. Dette får Naturnvernfobundet til å reagere.

Kraftlinje gjennom vestlandsnatur

USEMJE: Naturvernfobundet meiner staumsituasjonen ikkje er så kritisk, som Statnett hevdar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Bygginga av den nye kraftlinja er stoppa etter at grunneigarar i Bremanger fekk medhald i retten om at trasévalet gjennom Myklebustdalen var ugyldig.

Avisa Nationen skreiv i dag at Naturvernforbundet ikkje trur på Statnett sine åtvaringar om skyhøge straumprisar og opning av gasskraftverk, om kraftlinjeutbyggjinga utsettast.

– Vi meiner dette er skremselspropagande frå Statnett si side. Dei har heile tida overdrive straumsituasjonen i Midt-Noreg, og dei har gått ut med mange kriseåtvaringar som ikkje har slått til, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken til NRK.

– Prøvar å presse regjeringa

Haltbrekken peikar på at straumforbruket i Midt-Noreg har gått ned dei siste åra.

– At ein skal få behov for å starte opp dei forureinande gasskraftverka har Naturvernforbundet veldig lita tru på, seier han.

Naturvernforbundet fryktar at Statnett krisemaksimerer for å presse regjeringa til å gå inn for ei framleis forferdeleg naturøydeleggjande løysing på kraftlinja. Haltbrekken meiner ei slik linje aldri skulle ha vore planlagt i utgangspunktet.

– Viss eit naturreservat skal ha nokon funksjon i det heile, så kan ikkje denne typen inngrep tillatast i det som er vår strengaste form for vern, fortel han.

Er ein ikkje glad for at fleire småkraftverk og grøn energi kan kople seg på, og bli bygde som følge av denne linja?

– Diverre er ein av dei store ulempene med denne linja at det blir eit brutalt press på elvenaturen i Noreg, også med tanke på det omfanget av småkraftverk som planleggast bygde, seier Haltbrekken.

Formidlar situasjonen

Kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje, registrerer at Naturvernforbundet kallar utsegnene til Statnett for skremselspropaganda, men er ikkje samd i dette.

– Vi har prøvd å formidle at det har vore ein utsett straumsituasjon i Midt-Noreg i nokre år, og at ei utsetting av denne linja vil medføre at det kan bli ei forlenging av ein situasjon vi meiner ikkje er god nok, seier han.

Statnett meiner dei ikkje pressar regjeringa, og at det er opp til olje- og energidepartementet å vurdere saka.

– Nå er det opp til departementet å sjå på korleis dette skal handterast vidare, seier Gilje.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser