Hopp til innhold

- Staten har skulda

- Staten subsidierer skulenedlegging, hevdar Torodd Fagerheim, som er rådgjevar i LUFS, landslaget for nærmiljøskulen.

Fjærland Skule
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fagerheim meiner at ved å betale for skuleskyssordningar gjer Staten det økonomisk attraktivt for kommunane å legge ned små grendeskular.

- Vi kan dokumentere at i dei aller fleste sakene er det slik at dersom kommunane måtte betale skuleskyssen fullt ut, så ville det ikkje bli lønsamt å legge ned skulane. Dermed ville skulane bli haldne oppe også av økonomiske grunnar.

800 skular lagde ned

I 1986 la staten om inntektssystemet. Dei tok på seg å dekke kostnader til skuleskyss ved skulenedleggingar. Sidan den gong har pila berre peika ein veg - på dei 20 åra som er gått er 800 grendeskular blitt lagt ned. Førebels siste ut her i fylket er Askrova skule i Flora - ein kommune som til no har vore sett på som eit føredøme når det gjeld å oppretthalde småskulane.

- Mykje ære til Flora

- Flora er blitt landskjend for å halde oppe eit desentralisert skulemønster i det lengste, og det skal kommunen ha mykje ære for. Så lenge eg ikkje har sett papira, vil eg ikkje seie noko om Askrova-saka, men nedlegginga fører iallfall til at elevane, anten dei er få eller mange, får ein nokså lang transport til den nye skulen, og at nedlegginga er eit stort slag mot lokalsamfunnet er eg ikkje i tvil om.

- Ikkje for ein kvar pris

Men sjølv i LUFS, landslaget for nærmiljøskulen, meiner dei ikkje at småskular skal oppretthaldast for ein kvar pris.

- Når barnetalet går mot null må vi sjå på tilveksten i åra som kjem, korleis er det med lærarkrefter og sjå på om skulen har ei framtid. Det går ikkje an å gje eit eintydig svar på om ein skule skal leggjast end eller ikkje. Men svært ofte er det ungane som sit igjen med svarteper. Berre ein halv times skuleskyss kvar dag gonger to utgjer 25 vaksne dagsverk i året, altså ranar vi ein heil feriemånad frå borna ved at dei sit på bussen eller båten.