NRK Meny
Normal

- Staten bør ta styringa

Fire veker har gått sidan eksplosjonen i Sløvåg, og enno står spørsmål ubesvarte. No vil Harald Tom Nesvik, leiar i helsekomitèen på Stortinget ha eit overordna organ som skal handtere større ulukker.

Eksplosjon på Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson

Framstegspolitikaren meiner regjeringa bør gå gjennom eksplosjonsulukka på Vest Tank i Gulen, og finne ut kven som har ansvar for kva.

 

Stortingsrepresentant Harald Nesvik (Frp)

Harald Tom Nesvik

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

- Ting har teke tid. Mellom anna det å få svar på ulike prøver. Eg meiner vi openbart treng ein gjennomgang av heile sikkerheitssystemet, knytta til kven som har ansvaret ved slike situasjonar, seier Nesvik.

Kommunelegen med ansvar

Heile fire veker etter eksplosjonsulukka ved Vesttank i Gulen står framleis mange spørsmål utan svar. I dag er det kommunelegen som set med ansvaret for innbyggjarane si helse. Samstundes er de andre aktørar tek avgjerda for kva vass -og gassprøvar som skal takast.

- Direktorat og departement må på bana i ei tidlegare fase. Nettopp fordi ein ikkje veit kva som er her, kva som er farleg. Og kva det er som utløyser dei forskjellige faktorane. Då er det viktig at vi har eitt organ som har det overordna ansvaret, seier Nesvik.

Håpa på meir hjelp frå staten

Og Nesvik får støtte frå Gulen-ordførar Trude Brosvik. Ho tykkjer det er feil at heile ansvaret skal ligge på kommunen.

 

- Dette er sopass store saker at vi føler vi kjem litt til kort. Vi hadde nok venta å få litt meir hjelp frå dei statlege instansane som er inne og godkjenner denne typen anlegg, seier Brosvik.

Stadig fleire innbyggjarar i Gulen vert sjuke, og dei er redde. Framstegspolitikar Harald Tom Nesvik meiner det synleggjer at apparatet for å handtere slike ulukker ikkje fungerer.

 

- Det er heilt uhaldbart. Her skulle komt eit svar for lang, lang tid sidan. Og her må setjast fortgang i prosessen, slik at lokalbefolkninga får dei svar, og den tryggheit dei har krav på, avsluttar Nesvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.