For i går gjekk lokalpolitikar og kjøpmann Anders Haave regelrett til det skrittet å stenge si private kai for skyssbåttrafikk.
Stenginga var ein rein protest mot politikarkollegene i bystyret i Flora, som ikkje ville gjere kaia hans til hovudstoppestad i Florabassenget.
Delfin Junior, snøggbåt i Florabassenget
- Kan virke som utpressing
- Det kan bli oppfatta som eit snev av utpressing, sjølv om han kanskje ikkje meinte det slik. Det seier Hilde Kvamsås Aa. Tysdag kveld vedtok ho og resten av Flora bystyre å trasse Høgre-politikar, kaieigar og kjøpmann i Stavang, Anders Haave, sitt framlegg om å vurdere rutestrukturen i Florabassenget på ny.
Diskusjonen tok politikarane sist i 1997, og då vart Veiesundet ytst på Stavøy valt som hovudstoppestad for skyssbåten framfor Stavang. - Det var mykje styr den gongen, og frå vår side var det vurdert slik at denne krigen kunne vi ikkje sleppe laus på nytt, seier Kvamsås Aa.
Anders Haave
Ultimatum
Haave gav kollegene sine eit ultimatum: Viss de ikkje tek oppatt saka stenger eg kaia mi i morgon. - Når ikkje politikarane ville vere med på å bruke eitt år på å vurdere det, så må eg setje ned foten, seier han.
Stavang fungerte inntil i går som ein såkalla stjernestopp. Det betyr at båten la til i Stavang berre når passasjerar bad om det.