Hopp til innhold

- Sparer pengar på fast leverandør

For bedrifter som vil ha låg straumrekning kan det vere store pengar å spare på å halde seg til ein leverandør - i staden for å leite etter den billigaste prisen.

Det viser ein studie gjort av to BI-forskarar.

Hjå Aker Yards i Florø held dei seg til langstidskontraktar når det gjeld straum.

- Tenkje langsiktig

- Det har vel vist seg at vi har tent på det, ja, konstaterer vedlikehaldsleiar Anders Myklebust.

Ragnhild Silkoset er ein av to BI-forskarar som står bak undersøkinga. Over 350 bedrifter har vore med, og slik bedriftene ser det er det størst pengar å spare på langtidskontraktar.

- Det denne undersøkinga viste er at ein finn dei beste løysingane ved å inngå lange kontraktar, seier ho.