Anda meiner dette ikkje hadde skjedd viss det hadde vore ei klagesak i samband med eit anne forhold enn sosialhjelp.
Skulle vore sendt til Fylkesmannen
Sosialklientar som får avslag på søknad om meir sosialhjelp kan anke. Dersom kommunen meiner det ikkje er grunn til å endre på vedtaket, skal kommunen sende saka vidare til neste klageinstans, som er Fylkesmannen, så fort som råd. Då klienten til Louis Anda etterlyste svar på sin klage, viste det seg at klagen hadde blitt liggande i ei skuff hos Høyanger kommune i fem månader.
- Uakseptabelt
Anda seier dette er uakseptabelt. - Spesielt sidan det dreier seg om menneske som har dårleg råd og ikkje nok pengar til dei daglege utgifter. Ei eller to veker handsamingstid hadde vore akseptabelt, seier han.
Svikt i rutinane
Men Sosial- og barnevernleiar i Høyanger kommune, Hanne Sæbø, avviser at kommunen nedprioriterer sosialklientar, og seier det i denne saka er snakk om ein svikt i rutinane. Ho vil rydde opp i denne saka så fort som mogleg.