- Somlar med byggjestart

Det er ei tilnærma skandale at bygging av Bremangersambandet ikkje alt er i gong, meiner Alfred Bjørlo i Måløy vekst.

Alfred Bjørlo
Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

- Det manglar planavklaring, kvalitetssikring og anbodspapira er ikkje klare. På det tidspunktet prosjektet skulle vore starta opp og pengane er komne, er det mange månader til prosjektet kan vere klart. Og vi veit ikkje ein gong om det vert jobba på fullt trykk for å få dette klart, seier Alfred Bjørlo i Måløy vekst.

Alvorleg for næringslivet

Sjølv om det er løyvd pengar til planlegging og prosjektering av Bremangersambandet del 2 har vegvesenet framleis ikkje fått spaden i jorda. Dette skjer samstundes som regjeringa har løyvd store midlar til veg gjennom krisepakken.

Bjørlo meiner det er ei tilnærma ein skandale at pengane til bygging ikkje er komne sidan vegvesenet ikkje har fått ferdig planarbeidet.

- Det var føresett starta opp i år. Her kjem pengar og det er ikkje planavklaring på prosjektet. For næringslivet på kysten er dette så alvorleg at vi ynskjer eit skikkeleg svar frå vegvesenet og fylkespolitikarane om kva ein har tenkt å gjere for å få bygd veg i Sogn og Fjordane og ikkje berre prate om det, seier Bjørlo.

Forstår ikkje kritikken

Men prosjektleiar for Bremanger 2 Susanne Svardal i Statens vegvesen stiller seg totalt uforståande til kritikken frå Bjørlo. Ho seier at planarbeidet starta då pengane kom på statsbudsjettet, og at arbeidet går som planlagt.

- Vi har fått pengar i 2009 til prosjektering og grunnerverv, men ikkje til byggjestart. Vi jobbar som om vi får pengar i 2010, seier Svardal.

Heller ikkje leiaren i samferdsleutvalet i fylket Knut M. Olsen forstår kritikken frå Bjørlo.

- Statens vegvesen er i full gang med planlegginga, og det går sin gang, seier han.