Det var den 20. oktober inspektørane frå forureiningstilsynet vitja verftet. Konklusjonen etter besøket på Hardbakke var at her må det store utbetringar til.
Ulovleg deponi
I tillegg vart det avdekka at verksemda driv ulovleg deponi for farleg avfall og brenn industriavfall uten løyve frå forureiningstilsynet. Det var første gong verftet hadde besøk av SFT sidan starten i 1976. Dagleg leiar Svein-Tore Eide seier dei no vil rydde opp.
Frist til neste år
Det er no fylkesmannen som skal følge opp vidare. Frå 1. november er det hans miljøvernavdeling som har ansvaret for å følgje opp skipsverft som bryt med ureiningslova. Verftet har fått frist til utgangen av februar med å ordne opp i rekkja med regelbrot.