Hopp til innhold

- Sola kan løyse ut snøskred

Med strålande sol og blå himmel er det mange som let seg lokke ut på toppturar med ski på beina. Men sjølv om det ser idyllisk ut, bør folk framleis vere forsiktige.

Topptur til Blåfjellet

DETTE FREISTAR: Klar blå himmel og sol freistar mange til å ta seg opp på dei mange kvite snøtoppane. Men ver forsiktig, er oppmodinga frå NGI. Biletet er frå Blåfjellet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For sjølv om skredfaren no er mindre enn den har vore tidlegare i vinter, er det ikkje noko triks å gløyme den heilt. Det som ofte er med på å gjere turen ekstra fin, kan også vere det som gjer at turen kan få eit fatalt utfall.

– Varmen frå sola kan føre til såkalla solutløyste lausmasseskred, åtvarar skredforskar Hedda Breien ved NGI i Stryn.

Tryggare, men framleis ein viss fare

I vinter har det vore mykje snakk om skredfare i fjellet, og ved fleire høve har skredforskarar og andre fjellfolk gått ut med oppmodingar om å halde seg unna skredfarlege område. Når det no er blitt vår er faren redusert, men det er likevel grunn til å vere merksam når ein skal gå på ski i fjellet.

– Generelt sett er det mykje tryggare om våren, enn om vinteren, seier Breien og forklarar vidare:

– Ei viktig årsak til dette er at vi ikkje lenger har denne lagdelte vintersnøen som er veldig ustabil.

Ser ein på skredvarselet som er under utprøving gjennom «Snøskredvarsling i Norge» ser ein at det er meldt om moderat snøskredfare i alle testområda som dekker både Nord-Norge, Vestlandet og delar av fjella i Sør-Norge.

Moderat snøskredfare, som vil seie faregrad 2 på ein skala som går til 5, seier at skredutløysing er mogleg, spesielt ved store tilleggsbelastningar i brattheng. Det er ikkje venta at det går store naturleg utløyste skred, står det i den generelle skildringa av denne faregraden.

(Artikkelen held fram under)

Den europeiske skredfareskalaen
Foto: Norges Geotekniske Institutt

Ber folk vere forsiktige

Breien som jobbar som skredforskar for Norges Geotekniske Institutt (NGI) i Stryn seier det er ved faregrad 2 og 3 at det skjer flest ulukker. Det er også når snøskredfaren er slik at flest menneske dør.

Ho ber difor folk vere forsiktige, sjølv kor idyllisk og flott det ser ut i fjellet. Det som skjer ved såkalla solutløyste skred er at sola rett og slett varmar opp snøen, forklarar Breien.

– Det kan begynne å renne vatn inne i snøen, og bindingane blir løyste opp. Ein merkar det fort sjølv, utpå dagen blir snøen litt meir slushete, seier skredforskaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

På veg opp til Blåfjellet

FLOTT: Det er ikkje rart at folk blir freista til å gå på ski i fjellet når forholda er så perfekte som her på Blåfjellet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Gå toppturen tidleg på dag

Slike solutløyste skred er som regel små, og kor vidt dei er farlege kjem heilt an på kor dei går, fortel Breien. Men det kan og gå større solutløyste skred.

– Du kan også få skred som er litt større, ved at dei losnar heilt nede på bakken. Dette kan for eksempel skje i område der det er glatte overflater under, til dømes svaberg.

Ho håpar folk tek omsyn når dei ferdast i fjellet. Eit lite problem er at det nettopp er sola som lokkar folk ut, men at det er denne folk må ha eit lite auge med.

– Som sagt, det er tryggare no på våren enn om vinteren, men folk bør vere obs, spesielt på solrike dagar.

– Eit godt råd, for å ikkje oppleve såkalla solutløyste lausmasseskred, er å gå turen om føremiddagen. Då går ein før sola har fått steike så lenge, seier Breien.