Hopp til innhold

- Søk om forlenga utsleppsløyve

- Hydro bør søkje om å få forlenga utsleppsløyva i Høyangar og Årdal, meiner samferdsleminister og nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten
Foto: Arash A. Nejad / Scanpix

Nye og strengarare miljøkrav har ført til at Hydro reduserer drifta i Sogn. Navarsete meiner Hydro, ved å søkje om utvida utsleppsløyva, kan gi politikarane meir handlingsrom til å hjelpe dei to utsette industristadane.

Liv Signe Navarsete er kraftig provosert over Hydro-direktør og partifelle Eivind Reiten.

Reiten har sagt at majoritetseigar staten må «halde fingrane av fatet» når det gjeld Hydro. Det finn ikkje Liv Signe Navarsete seg i.

- Eg blir provosert av den haldninga som Hydro viser til den store eigaren som staten er, seier Navarsete.

Vanleg i private verksemder

Navarsete seier til BT at andre private selskap er nøydde til å ta omsyn til kva dei store eigarane meiner. 

- Det kan ikkje vere slik at staten sit med så store eigardelar utan å ha rett til å meine noko om korleis Hydro skal innrette verksemda si. Det finn eg heilt urimeleg.

Etterlyser samfunnsansvar

 - Viss vi ser isolert på Årdal, så er det minste Hydro kunne gjere å søke SFT om forlenga utleppsløyve slik at regjeringa fekk eit handlingsrom for å finne dei gode løysingane.

Navarsete etterlyser eit samfunnsansvar frå Hydro sidan staten er den store eigaren.

- Men staten skal ikkje sende signal gjennom media eller gå inn med vedtak på generalforsamlinga, men gjennom ein tett dialog med selskapet. Og då forventar eg ei anna og meir audmjuk haldning frå leiing og styret enn det Hydro no syner, seier Navarsete.