Hopp til innhold

- Sogndal treng fleire homoar

Sogndal treng fleire homofile, skilde og innvandrarar for å bli ein bygdeby med vekstpotensiale. Det seier statsvitar Erling Dokk Holm.

Sogndal
Foto: NRK

Erling Dokk Holm
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Torsdag deltok han på eit folkemøte i Sogndal. 

- Sogndal kan rett og slett utvikle seg vidare som tettstad og bygdeby ved å urbanisere seg. Det må byggast høgare, tettare og det må bygggast eitt gatenett slik at det blir eitt gateliv. Og fjorden må knyttast til kjøpesentra, seier han.

- Må vere rom for alle

Dokk Holm fryktar at Sogndal vil tape kampen om innflyttarar mot bygdebyar på Austlandet . Det er ikkje attraktivt å busetje seg ein sted berre fordi naturen er flott. Det må også vere plass til dei som ikkje lever eit vanleg A4-liv.

- Det er dessverre slik at halvparten av alle ekteskap går i oppløysing. Det betyr at det også må vere godt å bu ein stad når ein blir skilt. Det same gjeld for dei som er innvandrarar og folk med ein annan seksuell legning, seier han.

- Må ha skikkeleg ambisjonar

Dokk Holm er statsvitar og tilsett på Arkitektshøgskulen i Oslo for å tenkje framtid. Han etterlyser ein offensiv kommuneplanlegging. Men det må ifølgje Dokk Holm skje endring raskt. Statsvitaren er ikkje veldig imponert over korleis Sogndal kommune har planlagt eller late vere å planleggje byutviklinga.

- Eg trur det handlar om bestemme seg. For Sogndal handlar det om å lage ein skikkeleg ambisiøs plan for kvar dei vil vere om 20-30 år. Dei må ikkje dilte etter, men styre utviklinga. Sogndal har gode politikarar og god økonomi, men dei manglar litt på meisle ut nokre skikkelege ambisjonar og følgje dei opp, seier han.