- Annonsen er eit klart brot på alkohollova, seier avdelingsdirektør Trygve Børve i Sosial- og helsedirektoratet.
- Klart ulovleg
Annonsen sto på trykk i gratisavisa Møteplassen som går ut til husstandar i heile fylket. I annonsa er det avbilda både ølboksar og flasker følgd av teksten:
«Sogndal Ølutsal. Me har fylkets største utval - over 100 sortar».
Etter å ha sett reklamen er ikkje avdelingsdirektør Børve i tvil om den er ulovleg.
Ordførar Karen Marie Hjelmeseter vil ha klarheit i det som har skjedd. (Foto: NRK)
Vil ha klarheit
Ansvarleg for utsalet er Sogndal kommune. No lovar ordførar Karen Marie Hjelmeseter å få klarheit i kva som har skjedd.
Sogndal er ein av seks kommunar i landet som framleis har ølsal gjennom monopol. Målet med dette er å avgrense alkoholbruken. Paradokset er at det likevel blir reklamert for det kommunale ølutsalet på denne måten.
Kommunen må straffe seg sjølv
Eit anna paradoks er at det er kommunen sjølv som skal ilegge sanksjonar ved brot på alkohollova.
Den vanlege sanksjonen ved brot på reglane for reklame i alkohollova er å inndra bevilgninga, men det er lite truleg at kommunen ilegg seg sjølv denne straffa.