Joel Cedergren. Arkivfoto NRK
Nedturen kom ganske uventa på midtbanekrigaren. Joel Cedergren har ikkje ei god forklaring på nedturen mot Sandefjord og kollapsen mot Løv-Ham, men han ser ikkje bort i frå at mykje ligg på det mentale planet. Han meiner spelarane rett og slett må springe meir.
Samd med Jostein Flo
Mange har åtvara om at første divisjon vil by på ein ny fotballkvardag for fintspelande sogndøler, mellom dei er Jostein Flo som påpeika dette før seriestarten i år. Og midtbanesheriffen frå Sverige er heilt samd med Strømsgodset-sjefen.