Hopp til innhold

- Sogndal får det tøft

- Sogndal har vore det suverent beste laget i 1.divisjon i år, og fortener å rykke opp til eliteserien. Men det blir tøft, det meiner ekspertkommentator i NRK, Karl-Petter Løken.

Karl-Petter Løken

NRK sin ekspertkommentator, Karl-Petter Løken trur Sogndal får det tøft i eliteserien.

Foto: NRK

Jubelen stod i taket då Sogndal onsdag kveld igjen spelte seg til ein plass i den gjævaste ligaen i Norsk fotball. Frå 2011 har Sogn og Fjordane igjen eit lag i eliteserien.

- Det er veldig morosamt at Sogndal har klart opprykk. Det er eit godt eksempel på at det går an å lukkast sjølv om du ikkje har all verda av ressursar, seier Løken til NRK.no.

- Vert ein kamp for å overleve

Med 2-0 seier over Fredrikstad i seriefinalen i går kveld sikra Sogndal seg tre viktige poeng. Sjølv med tre serierundar igjen av sesongen er det klart at sognelaget har vil stikke av med topplasseringa i 1. divisjon og dermed direkte opprykk.

Men eit opprykk til den tøffaste ligaen i norsk fotball er ikkje nødvendigvis berre fryd og gammen. Løken viser til at nivået er høgare og at laget må prestere endå betre enn denne sesongen om dei skal overleve. Sjølv meiner han det er vanskeleg å spå neste års plassering.

- Det er nærast uråd å seie. Men Sogndal må nok rekne med at det vert ein kamp om å overleve. Det er nok lurt å leggje det i botn og ikkje ha for høge ambisjonar, for då trur eg fort Sogndal kan verte skuffa, seier Løken.

Rosar Sogndal for å satse lokalt

Sogndal-trenar Harald Aabrekk kom til saftbygda før denne sesongen. Han gav då uttrykk for at han ønskja å satse på lokale spelarar, noko som mellom anna viste att under kampen i går.

Då var heile 7 av 11 mann på bana frå Sogn og Fjordane, og det var ein stryning og ein årdøl som noterte seg på skåringslista.

- Det går heilt klart an å lukkast også i eliteserien sjølv om ein satsar lokalt. Eg meiner også at det er heilt nødvendig å gjere det for å klare å få endane til å møtast økonomisk, forklarar Løken.

Kor vidt Sogn og Fjordane klarar å få fram nok lokale spelarar som er gode nok for den beste fotballigaen i Norge veit ein ikkje.

- Men det er tross alt mange lag i serien og berre to lag som rykker direkte ned. Så for all del, det går an å få fram nok lokale talent, men det krev mykje hardt arbeid, seier Løken.

Han viser samtidig til at berre signaleffekten av at ein vil satse lokalt er viktig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalopprykk

Stemninga var til å ta og føle på då Sogndal onsdag kveld sigra siger, tre poeng og opprykk. Her feirar Sogndalsspelarane med fyrverkeri på Fosshaugane Campus etter kampslutt.

Foto: Tor Yttri

- Det er knallhardt for opprykkslaga

Også eit kjapp oversyn over dagens tabell i eliteserien viser at det er harde kår for opprykkslaga. På same måte som fleire føregåande sesongar er det normalt at laga som rykker opp normalt sliter ifølgje Løken.

- Vi ser av tabellen at Hønefoss som rykka opp i fjor er på kvalifiseringsplass. Kongsvinger som også rykka opp i fjor, rykker rett ned att. Men samtidig så har Haugesund klart å etablere seg. Så uansett får Sogndal det tøft, men som sagt, det er mogleg å overleve, seier Løken.

Hardt arbeid einaste våpen

På spørsmål om kva tiltak laget kan setje i verk for å betre ruste seg mot den tøffe konkurransen i eliteserien neste sesong har Løken berre eit svar.

- Det er berre hardt arbeid som fører fram. Sogndal må prestere betre om dei skal overleve. No har dei eit par månadar før det brakar laust, og den tida må Sogndal bruke godt, seier Løken.

- Kan etablere seg på toppnivå

Det er ti år sidan Sogndal førre gong rykte opp i eliteserien. Frå 2001 til og med 2004 sesongen var Sogn og Fjordane sitt beste fotballag i det gjævaste selskap. I 2004 gjekk laget derimot på ein smell og rykte igjen ned i 1. divisjon.

Etter å ha tapt kampen om opprykk i to kvalifiseringskampar er dei no direkte klare for opprykk. Kor lenge dei blir der denne gongen veit ingen endå.

- Eg trur ikkje Sogndal vert ein maktfaktor i Norsk fotball, det er nok Sogndal for lite til. Men at det kan verte eit lag som kan klare å etablere seg på det beste nivået, det er sjølvsagt mogleg, avsluttar Løken.