NRK Meny
Normal

- Sløvåg treng gasskraftverket

- Det er avgjerande for industriprosjektet på Sløvåg i Gulen at det kjem på plass eit gasskraftverk på Mongstad, seier dagleg leiar i Gulen og Masfjorden utbyggingsselskap, Lars Hellandsjø.

Sløvåg
Foto: Magne Sleire

- For vår del er det viktig å få gassleidningen inn Fensfjorden, slik at vi kan knyte oss til den der. Utan gasskraftverket på Mongstad blir det vanskeleg for oss å få ilandføring av gass. 

SFT-krav om reinsing

Det var fredag Statens forureiningsgstilsyn rådde Miljøverndepartementet til å sette krav til Co2-reinsing frå første dag kraftverket er på plass. Dersom departementet følgjer tilrådinga har Statoil sagt at det ikkje bli aktuelt å byggje gasskraftverket.

 

Lars Hellandsjø
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

50 arbeidsplassar tapt

Håpet til Hellandsjø er å få ein gassrøyrleidning til Sløvåg, og dermed skape ny industri i området. Skjer ikkje det er det svært uheldig, seier han. Blir ikkje prosjektet ein realitet, kan rundt 50 framtidige arbeidsplassar gå tapt. Men Hellandsjø har ikkje gitt opp håpet.

- Vi registrerer at politikarane går høgt på bana i denne saka, og fagorganisasjonane er og ute og øver eit visst påtrykk, så eg håpar at folk til slutt ser at dette er eit så godt prosjekt at dei får ja. 

- Alvorleg for Lutelandet og

Også på Lutelandet er dei i framtida avhengige av gasskraftverket, seier dagleg leiar Stein Arne Ottesen i Lutelandet utvikling. Der er planen mellom anna å bruke gass som energikjelde til å produsere mineral som blir brukt i aluminiumproduksjonen.

- Dersom gasskraftverket blir skrinlagt for godt, så kan det få alvorlege fylgjer, for den enklaste måten å få gass til Lutelandet på er ei avgreining på gassrøyret til Mongstad.

Høgre: Viktig med gasskraftverk

Og Høgre meiner det er svært viktig at det blir noko av dei konkrete planane om gasskraftverket på Mongstad.

I ei pressemelding skriv fylkesleiar Mathias Råheim at kraftverket er svært viktig for framtida for industriprosjekta på Lutelandet og i Sløvåg.

 

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy