Styreleiar i studentsamskipnaden, Ingeborg Kleive, seier dei vil ha gatelysa på slik at folk kan kjenne seg sikre når dei går heim.
- Kan skape farlege situasjonar
Mellom 1500 og 2000 studentar bur spreidd ut over Sogndalsbygda. Og mange av arrangementa i studentmiljøet sluttar etter klokka eitt, når gatelysa i Sogndal blir sløkte. Det meiner studentane kan skape uheldige og farlege situasjonar.
Vert tryggare
Saka har vore diskutert i studentmiljøet lenge, men først no ber dei kommunen halde gatelysa på lenger utover natta. Kleive meiner det vil bety mykje for tryggleikskjensla til studentane å få lys i gatene lenger. Studentsamskipnaden har studentparlamentet, studentsamfunnet og leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane bak seg i brevet dei har sendt kommunen.
Vil vurdere kravet
Ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, seier ho har fått innspel om det same frå både nattuglene og politiet, og vil vurdere kravet frå studentane nøye.