Hopp til innhold

- Slik kan vi ikkje ha det

– Saka om Christina i Sogndal er dessverre eit godt døme på ein situasjon vi ikkje kan ha i norsk helsevesen, seier andre nestleiar i Frp, Per Arne Olsen.

Christina Flåten er ramma av mystisk sjukdom

UHALDBAR SITUASJON: Mange har reagert på måten alvorleg sjuke Christina Flåten i Sogndal er blitt behandla på.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Først og fremst syner denne saka at slik kan vi ikkje ha det. Det er ei gripande historie, seier andre nestleiar i Frp og medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Per Arne Olsen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Per Arne Olsen (FrP)

GRIPANDE HISTORIE: Per Arne Olsen i Frp meiner helsevesenet må endrast om pasienten ikkje lenger står i fokus.

Foto: NRK

Under partiet sitt landsmøte tok Kristine Lie Sogndal Frp opp saka om alvorleg sjuke Christina, som foreldra meiner ikkje får den behandlinga ho treng. Frå talarstolen fortale Lie fredag om situasjonen.

– Dessverre illustrerer saka at i norsk helsevesen er systemet i høgsete for nokre, og pasientane mindre viktige. Slik kan det ikkje vere, seier Olsen.

Vil du ta saka vidare?

– Stortinget er ikkje staden å ta opp einskildsaker, men vi kan ta opp saker med statsråden, seier Olsen.

Firda skriv i dag at Frp-representant Kari Kjønaas Kjos vil ta saka vidare til Stortinget.

– Treng nye løysingar

– Vi i Frp er opptekne av at det må vere eit heilskapleg syn i helsetenestene. Når du besøkjer helsevesenets skal du vite kven du skal forholde deg til, kvar du skal ende, og ikkje bli ein kasteball. Slik som situasjonen verkar å vere i denne saka. Pasienten skal vere viktigast, seier Olsen.

Han meiner at alle må stille seg spørsmålet om ein er på ville vegar når det dukkar opp slike historier.

– Må vi gjere endringar for å gjere situasjonen betre? Pasienten skal ikkje måtte kjempe. Helsevesenet er til for pasienten, vi skal ikkje gjere det vanskelegare for pasienten, seier Olsen.