Det er styreleiar i Fjord Norge, Kjetil Smørås, som hevdar at cruisetrafikken er ei miljøbombe, som ifølgje han har vakse seg altfor stor. Men Olav Lühr deler ikkje dette synet. - Eg er ikkje bekymra i det heile, seier han.
Smog i Bergen og Geiranger
Dette er ein debatt som har rasa i Bergen og Geiranger, der det i høgsesongen kan ligge eit lag med smog i lufta på grunn av cruiseskipa.
- Dei verste skipa forsvinn
I tillegg slepp skipa ut store mengder Co2 som er eit trugsmål miljøet globalt. Difor vil Smørås ha ei avgrensning i tal skip i våre fjordar. Men dette er ikkje Luhr samd i. - Dei nyaste cruiseskipa forureinar lite, samanlikna med dei eldste skipa. Og dei eldste vil snart forsvinne uansett, seier han.
"People pollution"
Ei anna side ved cruiseskipstrafikken er den store mengda med menneske som kjem på land på ein gong. Innan turistnæringa blir dette kalla "people pollution". Kvalitetsturisten vil ikkje vere i eit mylder av andre turistar, og slik er det når turistar kjem i land frå cruiseskip i Flåm og Geiranger.
- Sats på kvalitet
Forskar Carlo Aall i Vestlandforsking meiner på si side at det er flott at næringa tek denne debatten. Han meiner næringa er for oppteken av å tiltrekkje seg store mengder turistar. - Det å satse på kvalitet og det som er kalla diskriminerande marknadsføring kan vere fornuftig, det vil seie at det er visse typar turistar ein ikkje ynskjer.
- Verda vil le av oss
Aall meiner næringa rett og slett må tore å seie nei til turistar, men dette synest ikkje Lühr er ein god idé. - Eg trur heile verda vil le av oss dersom vi gjer det, dette er ikkje vegen å gå.