Hopp til innhold

- Slapp billeg unna Nina, men styggevêret held fram

Sogn og Fjordane gjekk klar av dei verste vindkasta og uvêret i kjølvatnet av ekstremvêret Nina. Meteorologane tilrår likevel at folk i fjordfylket held på hatten og fortøyingane for vinden held fram.

Nina røska i Florø laurdag, og komande veke blir det meir vind.

VINDFULLT: Nina røska i Florø laurdag, og det er få lyspunkt å spore den komande veka. Vinden held fram, melder Meteorologisk institutt.

Foto: Truls Kleiven

– Sogn og Fjordane slapp relativt billegg unna denne gongen, for lågtrykket tok ei sørleg bane. Det låg rett utanfor kysten av fylket, og då er det områda sør som vart hardast råka av vind, fortel statsmeteorolog Martin Granerød.

Kysten av fylket fekk merke vinden mest, og ved Ytterøyane fyr i Flora og Myklebustfjellet i Bremanger vart det målt vindkast på 34,2 meter i sekundet. Indre delane av fylket merka truleg lite til vinden.

– Til dømes i Stryn var det veldig lite vind, medan det inst i Sognefjorden nok kom sterke vindkast seint laurdag kveld og natt til søndag, seier Granerød.

– La fortøyingane stå

Trass i at det så langt ikkje er meldt om skadar, og vindstyrken ikkje nådde opp i dei ekstreme vindkasta det var meldingar om, så er det ingen grunn til å sette ut igjen hagemøblane med det første.

– Det er ingen lyspunkt i vente dei første dagane. Den sterke vinden held fram søndag, spesielt første del av dagen, fortel statsmeteorolog Mette Skjerdal, som har oversikta over vêrutsiktene framover.

Søndag er det venta nordvest sterk kuling, som minkar til frisk bris i ettermiddag og dreier sør mot kvelden. Det er meldt regnbyer og snøbyer over 200–400 meter, utrygt for haglbyer med torden.

Fleire vegar og ferjesamband er søndag morgon stengde som følgje av det dårlege vêret som held fram.

– Måndag er det venta eit nytt lågtrykk, med sterk vind frå sørvest. Då kan det bli liten storm, kanskje full storm ved Stad. Vinden vil vare utover tysdag også, og heile veka er i grunn prega av nedbør og vind, konkluderer Skjerdal.