Hopp til innhold

- Skulle aldri søkt om Tall Ships

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, vedgår at Måløy aldri skulle søkt om å få vere hovudhamn for Tall Ships Races.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

- Mitt inntrykk er at sjølv om dei aller fleste har gjort sitt beste og at mykje vart rett gjort, så vart arrangementet i sum for stort for Vågsøy kommune, seier Silden til Fjordenes Tidende.

- For stor risiko

Silden seier til avisa at han er like overraska som alle andre over det store underskotet etter seglskutefestivalen. Arrangementet til den minste vertsbyen for Tall Ships Races nokosinne, gjekk med 15 millionar kroner i underskot. Silden meiner mykje kunne vore annleis med betre økonomistyring.

SJÅ: Gjenopplev Tall Ships Races i Måløy

- Risikoen med å bruke av fellesskapet sine midlar vart for stor. Ei god risikoanalyse før vi tok på oss arrangementet i 2004 ville vist dette. Dette er den store og grunnleggjande feilen vi gjorde. Vi er blitt nokre dyrekjøpte erfaringar rikare. Etter arrangementet ser ein heilt klart ting som kunne vore gjort både annleis og betre, seier han.

Rosar frivillige

Silden sparer ikkje på rosen ovanfor dei mang frivillige som stilte opp for folkefesten.

- Dei frivillige fortener ikkje dette. Dei gjorde alle ein kjempejobb og dei kan ikkje få nok skryt. Det er såvisst ikkje deira feil at ting gjekk gale. Utan dei mange som brukte ferie og fritid til å hjelpe oss, så hadde resultatet vore endå verre, seier han.