Hassan Samriye Hashin
Juryen brukte nesten to timar på å avgjere skuldspørsmålet. Med bøygd hovud tok Hashin imot dommen, som betyr at lagmannsretten har kome til same konklusjonen som Sogn tingrett når det gjeld valdtektstiltalen. Det betyr at minst sju av dei ti medlemmene i juryen meinte det var bevist at Hashin ved vald hadde tileigna seg seksuell omgang med Hedda Karterudseter.
Det springande punktet for juryen var om Hashin hadde hatt fingrar inne i kjønnsorganet til Hedda Karterudseter, eller om han berre hadde rørt ved kjønnsorganet, slik forsvarar Herman Hoff og Hashin sjølv hevda. Hadde juryen kome til at han berre berørte henne, måtte dei ha frifunne han.
16 års fengsel i tingretten
I tingretten vart Hashin dømd til 16 års fengsel for drap og valdtekt av den 19 år gamle folkehøgskuleeleven frå Flatdal i Telemark. Brotsverket skjedde i Sogndal natt til 28. oktober 2004 på rommet til Hedda på Sogndal folkehøgskule. Hashin vedgjekk at han var skuldig i drap, men anka valdtektsdommen og straffeutmålinga.
Aktor Bjørn Soknes Foto: Cosmin Cosma, NRK
Aktor ikkje overraska
Aktor Bjørn Soknes sa etter avgjerda i skuldspørsmålet at han ikkje var overraska over at Hassan Samriye Hashin vart funnen skuldig. Forsvarar Herman Hoff sa at han hadde venta ei frifinning ut frå at det har kome til nye moment etter at saka var i tingretten.
Straffeutmåling
No skal lagmannsretten ta stilling til straffeutmålinga. Det er dei tre fagdommarane saman med fire av jurymedlemmene som skal avgjere kor lang straff Hashin skal dømmast til. Truleg kjem ikkje denne avgjerda før fredag.
- Hashin var ein kjernekar
Før retten gav seg for dagen vart fire vitne avhøyrde. To av dei, den tidlegare arbeidsgjevaren til Hashin, Kjetil Ølmheim, og ein kamerat, Erik Myge, er vitne som forsvarar Herman Hoff fører for å teikne eit bilete av Hashin som kan verke inn på straffeutmålinga. -Kjernekar, var ein av karakteristikkane Myge brukte om Hashin. Han kunne aldri hugse at Hashin hadde vore aggressiv. - Eg fekk sjokk og måtte gå heim frå arbeid den dagen eg såg i media at han var etterlyst, sa Myge.
Hedda Karterudseter
- Vald på eit lokalsamfunn
Det tredje vitnet var kommunelegen i heimbygda til Hedda, Elisabeth Svendsen. Det var aktor Bjørn Soknes som førde dette vitnet. Ho fortalde mellom anna korleis drapet på Hedda har verka inn på det vesle lokalsamfunnet Flatdal med omlag 700 innbyggjarar. - Det er som å gjere vald på eit lokalsamfunn, sa ho. Svendsen tok på oppmoding frå aktor oppatt det ho sa i tingretten om at dei pårørande til Hedda Karterudseter er dømde til livsvarig sorg.
- Ville ikkje bli teken
Det siste vitnet var politiadvokat Knut Broberg, som fortalde om leitinga etter Hassan Samriye Hashin etter at han vart etterlyst og til han vart funnen og arrestert i Nederland. - Han ville ikkje bli teken, og det var ikkje lett for oss å spore han opp. vi visste i utgangspunktet lite om Hashin, og hadde ikkje Hashin to gonger lagt igjen elektroniske spor ved at han brukte bankkortet sitt to gonger. Vi brukte svært store ressursar i jakta på Hashin, mellom anna ransaka vi asylmottak og stansa bussar med væpna politi, sa Broberg.
Hashin: Eg har gjort stor urett
Til slutt vart Hashin sjølv spurt ut av forsvarar Herman Hoff. - Eg har gjort urett mot det norske samfunnet, men spesielt mot Hedda og hennar næraste. Eg vil aldri kome over dei smertene eg lever med. Eg har forandra meg som person etter det som skjedde og slit med søvnproblem. Det er det same for meg om eg sit inne eller ikkje. Eg tenker heile tida på dei eg har gjort urett. Det er vanskeleg for meg å vite at eg har teke livet av eit menneske. Det er ikkje mogeleg å leve med ein slik dom, sa Hashin, som sa at han ynskte å beklage seg overfor slektningane til Hedda.
Forsvarar Herman Hoff Foto: Cosmin Cosma, NRK
Påstand om 16 år
Aktor Bjørn Soknes har lagt ned påstand om at Hashin må dømmast til 16 års fengsel, altså det same han vart dømd til i Sogn tingrett. - Dersom det blir dommen, vil Hashin vurdere å anke straffeutmålinga til Høgsterett, sa forsvarar Herman Hoff.