Det seier tidlegare ordførar i Gaular, Per Kjelstad, som var sentral i striden om Gaularvassdraget på 80-talet.
Målmedveten
- Det er viktig å snarast råd kvitte seg med den interne striden. For når saka no er avgjort, så lyt ein prøve å gjere det beste ut av den situasjonen som er - anten ein likar det eller ikkje, seier Gaular-veteranen.
- Litt lett på pirke borti gamle sår?
- Det kan av og til vere freistande, men det må ein prøve å halde seg frå. Det er krevjande for eit lokalsamfunn å bøte på dette, men ein må vere målmedveten på at det er det ein vil.
Bitter strid
Kjelstad ser mange parallellar mellom den striden som no har rasa i Naustdal, og striden som var i Gaular då kampen stod om utbygginga av elva der. Han seier striden i Gaular var så bitter at det framleis finst restar av den i bygdene.