Hopp til innhold

- Landbruket i Sogn og Fjordane vil bli dramatisk endra med ny regjering

– Eg torer ikkje tenkje på konsekvensane av dette, seier ein skuffa bondelagsleiar Per Hilleren etter at Regjeringsdokumentet vart lagt fram i går. –Endringane vil blir dramatiske i Sogn og Fjordane, trur Hilleren.

Per Hilleren

SKUFFA OG MISFORNØGD: Bondelagsleiaren torer ikkje tenkje på konsekvensane for landbruket i Sogn og Fjordane dersom regjeringsdokumentet blir vedteke.

Foto: Steinar Lote / NRK

For bondelagsleiaren var det eit skuffande Regjeringsdokument som vart lagt fram av Høgre og Frp i går. Per Hilleren meiner det er utan ambisjonar for matproduksjon for heile landet.

– Matproduksjon i heile landet blir ikkje nemnt som uttalt mål, og då er det skuffande dersom dei ikkje ønskjer det.

Dokumentet

I dokumentet heiter det mellom anna at Regjeringa vil:

«Gjøre jordbruket mindre avhengig av statlige overføringer, redusere jordbrukets kostnadsnivå og gi bonden nye og bedre inntektsmuligheter.»

– Ja det står ein del fine ord, men så er det jo viljen til å følgje det opp som ikkje er tilstades. Dei seier mange ting dei vil svekkje. Blant anna overføringar som dei ønskjer å stramme inn på og kutte. Eg får det ikkje til å henge saman, seier Hillern.

LES OGSÅ:

Hillern meiner det verste er at Høgre og Frp føl opp det dei har sagt tidlegare, dei skal stramme inn på tilskotsordningane og dei skal svekke matproduksjonen. Han trur dei nok ønskjer å halde ein matproduksjon, men berre på dei beste areala. Dermed blir det ei vridning mot det industrielle landbruket.

Dramatisk endring

– Følgjene blir vel at for Sogn og Fjordane sin del vil dette bety ei dramatisk endring av matprodusksjonen i fylket. Eg torer ikkje tenke på konsekvensane i det heile teke.

Han seier landbruket i Sogn og Fjordane er avhengig av å ha gode vilkår for å kunne produsere.

– Bøndene er avhengige av å ha gode ordningar som er med å gje oss mogelegheita. Då har marknadsreguleringsordningane vore ein av dei viktigaste grunnpilarane for å sikre at vi kan produsere mat og få fornuftige inntekter på den produksjonen på lik linje med resten av landet.

– Vi har aldri vore i mot at det blir gjort endirngar i norsk landbruk. Men så dramatiske endringar er alvorleg. Så får vi håpe at Høgre som har sagt dei er eit ansvarleg næringspolitisk parti, også er eit ansvarleg parti i landbrukssamanheng.