Hopp til innhold

- Skrekkeksempel på dårleg styring

- Ombygginga av Bremanger bu- og Service-senter er eit skrekkeksempel på dårleg økonomistyring, seier kommunerevisor Terje Førde.

Kommunestyret i Bremanger godkjende tysdag overskridingar på 21 millionar kroner i kjølvatnet av ombygginga av insitusjonen i Kalvåg.

Administrasjonen i kommunen måtte tola mykje kritikk på møtet, i følgje Fjordenes Tidende.

Terje Førde i kommunerevisjonen er kritisk til korleis administrasjonen har handtert denne saka, og seier dette kjem til å få store konsekvensar for driftsbudsjettet i mange år framover.