Hopp til innhold

- Skjuler kommunen noko alvorleg?

Ein frustrert Geir Oldeide (Raudt) og andre politikarar i Vågsøy får ikkje innsyn i Tall Ships-dokumenta.

Geir Oldeide (Raudt)

Geir Oldeide i Vågsøy Raudt har klaga til fylkesmannen, fordi dei ikkje får innsyn i Tall Ships-dokument.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Oldeide har klaga til fylkesmannen og ber om råd til korleis dei kan bruke namsmannen som maktmiddel for å få ut dokumenta.

- Fylkesmannen sa frå talarstolen i kommunestyret at det ville vore idiotisk om lensmannen måtte stille saman med folk på kommunekontoret for å få ut dokument som ein har rettsleg krav på å få ut, seier han.

- Blir skeptisk

Det første kravet om innsyn vart sendt 6. april. Sidan har han purra fleire gonger og klaga til Fylkesmannen. Rett nok har han fått ut delar av materialet, men han lurer på om kommunen har noko alvorleg å skjule når dei held att så mykje.

- Du blir veldig skeptisk når det er slik at det heile tida vert halde igjen og halde igjen, seier han.

Pinlig

Oldeide vonar han slepp å troppe opp på kommunekontoret i lag med namsmannen.

- Det er sjølvsagt veldig pinlig for administrasjonen i Vågsøy kommune, om det kjem så langt. Fylkesmannen sa frå talarstolen i kommunestyret at "det ville vore idiotisk om lensmannen måtte stille saman med folk på kommunekontoret for å få ut dokument som ein har rettsleg krav på å få ut", seier han.

- Har veldig press

Arrangementet og det store underskotet står på saklista til kommunestyremøtet 4. november. Oldeide meiner han og resten av politikarane treng tida til å sette seg inn i dokumenta.

- Det er nett det som er saka. Vi har veldig press på oss å finne ut av ting. Det er det som gjer dette så frustrerande, seier han.

- Alt skal på bordet

Rådmann Ørjan Raknes Forthun seier at politikarane skal få alle dokumenta i saka i neste veke når kontrollutvalet har behandla saka. Dei vil då ha om lag to veker på studere innhaldet. Men Oldeide er langt frå nøgd med situasjonen.

- Alle her har hatt ei haldning om at ting skal på bordet. Alt skal trengast ned i og svarast på, men når vi ber om dokumenta for å prøve å forstå dette, så tek det tid. Vi får ikkje svar på det vi ber om, seier han.