Hopp til innhold

- Skipstunnelen må prioriterast

LO-leiar Roar Flåthen meiner Stad skipstunnel er eit viktig tiltak som må prioriterast når Nasjonal transportplan leggjast fram til våren.

Roar Flåthen

STØTTAR TUNNEL: LO-leiar Roar Flåthen meiner Stadtunnelen vil ha stor samfunnsnytte, blant anna for infrastrukturen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Torsdag føremiddag la prosjektgruppa for Stadtunnelen fram si sak for LO-leiaren på hans kontor i Oslo. I slutten av mars skal regjeringa legge fram Nasjonal transportplan for 2014 til 2018, og Roar Flåthen meiner absolutt at skipstunnelen bør ha ein plass i planen.

- Det er veldig mange gode argument for at dette prosjektet no må få større prioritet. Det er viktig at regjeringa har med seg dette når dei skal leggje fram langtidsplanen. Det er eit viktig prosjekt, og det betyr mykje for Vestlandet,
seier Flåthen til NRK
.

LO har også tidlegare støtta prosjektet, men fram mot våren vil Flåthen jobbe ekstra for å overtale regjeringa.

- Viktig tidsvindauge

- Vi har sjølvsagt mange prosjekt som vi vil spele inn, og som vi spelar inn til regjeringa, men Stadtunnelen er eit av dei. Så det vil vi ha med oss når vi diskuterar med regjeringa. Vi har jo forsåvidt allereie gjort det lenge, men no skal jo langtidsplanen leggjast fram i mars, og då er det no eit tidsvindauge der det er viktig å påpeike kor viktig Stadtunnelen er, seier LO-leiaren.

Han meiner skipstunnelen vil vere viktig for både nærtrafikken og kysttrafikken, og kanskje endå viktigare når det no er snakk om å få endå meir gods over på sjøen, blant anna for å få ned trailertrafikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

LO og Stadtunnel

SAMARBEID: Det vart eit vellukka møte mellom LO-leiar Roar Flåthen, leiar for styringsgruppa Stad skipstunnel, Per Sævik (t.v.) og leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen (t.h.).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

- Vi er veldig opptekne av infrastrukturen i Norge. Det som er avgjerande for at vi kan ta heile landet i bruk er at vi har ein infrastruktur der vi kan ha mobilitet i arbeidskrafta, og få varer og tenester ut, og flytte dei fram og tilbake. Heile den maritime klynga på vestlandet er heilt unik, og skipsfarten og fisket langs kysten treng også denne tunnelen ut frå eit sikkerheitsperspektiv, seier Flåthen.

Ein viktig allianse

For leiar i styringsgruppa for Stadtunnelen, Per Sævik, betyr støtta frå LO og Flåthen svært mykje.

- LO er ein særdeles viktig aktør på dette som går på å lage meir robuste arbeidsmarknadregionar og det med å ta kysten i bruk. Slik sette er kanskje LO vår viktigaste allierte, seier Sævik, som sjølv er skipsreiar.

Den siste tida har Sævik og resten av prosjektgruppa hatt møte med fleire høgståande instansar. Blant dei er finansministeren og fiskeri- og næringsministeren.

- Så lenge SV si stortingsgruppe går samrøystes inn for å realisere skipstunnelen, og Senterpartiet har programfesta det, er det Arbeiderpartiet det står på. Det er litt det dette møtet står på. Det er viktig for oss å få trykk på beslutningstakarane, seier herøyværingen.

Trur på realisering

I statsbudsjettet er det allereie sett av 200 millionar kroner til ein skipstunnel på Stad, men føresetnaden er at regjeringa besluttar at tunnelen skal byggjast.

- I første fase gjeld det å fjerne usikkerheita om den skal byggjast eller ikkje. Og så, i fase to, å sjå korvidt det er mogleg å få flytta den fram i planperioden, seier Sævik.

(Artikkelen held fram under biletet)

LO og Stadtunnel

PROSJEKTGRUPPA: Frå venstre: prosjektleiar Randi Humborstad, Svein Gjelseth, stortingsrepresentant (Ap) frå Møre og Romsdal, leiar i styringsgruppa Per Sævik, prosjektansvarleg Ottar Nygård, distriktssekretær i Sogn og Fjordane LO, Arvid Langeland og leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

- Det har vore ein lang kamp. Ser dykk lys i enden av tunnelen?

- Når ein jobbar med eit slikt prosjekt så har ein eigentleg ikkje noko anna alternativ enn å vere optimist. Og eg kjenner meg ganske trygg på at vi no er inne i den mest positive periode vi har vore i sidan vi begynte å jobbe med tunnelen. Personleg forventar eg at når Stortinget tek sommarferie og er ferdig med Norsk transportplan, så er Stadskipstunnelen eit av dei prosjekta som Stortinget har bestemt skal realiserast. Om det vert i slutten av neste planperiode, eller om det er mogleg å skuve det litt fram skal eg ikkje vere bastant på, men at det kjem med kjenner eg meg nesten sikker på, seier han.

- Må manne seg opp

Reidar Nilsen

HÅPAR PÅ VEDTAK: Leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen,

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen, meiner også det er viktig å ha LO med på laget.

- LO er ein maktfaktor i mange samanhengar, og særdeles i denne. Også dei har stor interesse av at prosjektet vert gjennomført fordi det betyr mykje for arbeidsplassar på heile det store Vestlandet, seier Nilsen.

- Vi frå Norges Fiskarlag har jobba mykje med denne tunnelen for å få den realisert, og vi håpar no inderleg at politikarane mannar seg opp til å gjere vedtak, slik at den kjem på Nasjonal transportplan for 2014 til 2018.