Hopp til innhold

- Skandaløs bjørnejakt

- Det er skandaløst å jakte på streifdyr, meiner Birger Vestergren, leiar i foreininga Våre Rovdyr.

Einar Hesjevoll
Foto: Arne Eithun / NRK

Han viser til at forvaltingsplanen for rovvilt i region 1 slår fast at streifdyr skal godtakast.

- Men fellingsløyvet som blei gitt i går viser at streifdyr likevel ikkje vert godteke, seier Birger Vestergren.

 

I alt har streifbjørnen drept minst eit titals sauer i Gaular, Fjærland og Jostedalen. Jegerane i Luster har i første omgang fått 14 dager på seg til å felle bjørnen.

Vestergren meiner det er uhøyrt at bjørnen skal skytast berre fordi den har drepe ein handfull sauar.

12000 sauar døyr på beite

- Fylkesmannen sitt skaderegister seier at 12-15 000 sauar kvart år ikkje kjem heim frå beite. Det er ikkje bjørnen som står bak dette. Tapa skyldast mellom anna ulykker, flått og giftige plantar. Når det no kjem ein bjørn og tek ein handfull sauar, skal alle kreftar settast inn. Kva er motivet for det, spør Vestergren.

Han meiner det blir heilt feil å skyte eit streifdyr.

- Stortinget har sagt at vi skal ha ein livskraftig bestand av ulv og bjørn. Det har vi ikkje oppnådd. Rovviltnemda har sagt at Sogn og Fjordane skal godta streifdyr av bjørn, men når dei kjem så gjev fylkesmannen fellingsløyve. Eg synest fylkesmannen legg seg på eit altfor lågt nivå, seier Vestergren.

 

-Ikkje Sogn og Fjordane si oppgåve

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, er av ei anna oppfatning.

- Det som er ein handfull sauar for Vestergren, er faktisk næringa og arbeidet til folk. Det er ganske alvorleg for folk når dyra deira blir tekne av rovdyr. Senterpartiet er i mot å gjeninnføre bjørn i Sogn og Fjordane. Vi har ein nasjonal politikk som skal ta vare på rovdyra. Vi skal ha femten ynglingar av bjørn og det er Hedmark fylke som skal ha eit spesielt ansvar for å ivareta bjørnestammen. Då er Sogn og Fjordane si rolle minimal når det gjeld å ta vare på bjørn.

Glad jakta er i gang

- Men er det nødvendig å skyte denne bjørnen, når den berre har drepe eit titall sauar?

 

- Denne bjørnen er eit skadedyr. Regjeringa har sagt at skadedyr skal takast ut fort. Ein skal få eit tidleg fellingsløyve. Eg er glad for at jakta no kjem i gang og at vi får tatt denne bjørnen.

- Dette føyer seg pent inn i rekka av Senterpartiet sin utryddingpolitikk av norske rovdyr, seier Vestergren.