Av Eldgrim Fossheim og Brit Jorunn Svanes
Bøndene får ikkje byggje fellesfjøs ved Hove steinkyrkje. Foto©NRK
I går kveld fekk Helleland saksutreiinga frå Riksantikvaren, og den var i går, fem dagar etter avgjerda. No er Helleland samde med dei fem bøndene som vil byggje fjøs ved Hove steinkyrkje om at dei er haldne for narr.
- Me føler oss haldne for tyl når me opplever at vedtaket som vart offentleggjort på fredag, vart gjort utan ei forsvarleg saksutgreiing, seier han.
- Fagfolka overkøyrde
Kommunen og dei fem bøndene i Vik som jobbar med fellesfjøs nær gamle Hove steinkyrkje har jobba tett med Riksantikvaren sine folk i lang tid og har kome fram til løysinga som alle partar aksepterte. Riksantikvaren sine folk har ført ein ærleg og open prosess i Vik, seier Helleland, men no er det bevist at dei er overkøyrde av sine overordna.
- Me ser at sakshandsamarane vert sett til å skrive ei grunngjeving for det personlege standpunktet til riksantikvaren, og ikkje fagfolka sine anbefalte tiltak, meiner han.
Får følgjer
Dette får følgjer for anna planarbeid der riksantikvaren skal inn i bilde.
- Når han ikkje har tillit til sine eigne fagfolk, så seier det seg at det vert umogleg for lokalsamfunna å gå inn i slike prosessar og stole på at dei faktisk fører fram, seier Helleland.
Håper på politisk overkøyring
No er det venta at riksantikvaren sjølv kjem til Vik 4. oktober, men Helleland har mista tilliten. Han seier at dei berre må stole på at det vert gjort ei forsvarleg og god politisk overprøving på det riksantikvaren har gjort.
- Eg trur ikkje at vi får til noko særleg meir med riksantikvaren direkte, den tilliten er veldig liten i dag, seier han.