Hopp til innhold

- Sjukepleiarar for dårlege i norsk

Dei utanlandske sjukepleiarane som blir rekrutterte gjennom selskapet Orange Helse er altfor dårlege i norsk.

sykepleier

Illustrasjonsfoto

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Dette hevdar Liv Marit Bøen som er personalsjef i Bremanger kommune.

Bremanger har nytta fleire utanlandske sjukepleiarar, men er skuffa over språkkunnskapane.

- I følgje dei som ansvar ved sjukeheimen, så har det vore for dårleg kvalitet til at alt var forstått rett.

Stor sjukepleiemangel

Norge slit med stor mangel på sjukepleiarar, og tidvis er situasjonen så prekær at utanlandske sjukepleiarar må leigast inn gjennom kostbara rekrutteringsbyrå. Det Bergens-baserte selskapet Orange Helse har spesialisert seg på nettopp dette. Om lag 30 norske kommunar nyttar for tida selskapet til å få tak i utanlandske sjukepleiarar.

I fjor brukte Stryn, Bremanger, Naustdal, Høyanger og Fjaler Orange Helse sine tenester. Så langt i år har Bremenger og Høyanger fått tak i litauiske sjukepleiarar gjennom selskapet.

Kan ikkje gå åleine på vakt

Dei utanlandske pleiarar må gjennom eit intensivt norskkurs, som dei må betale sjølve, før dei kjem til Norge. Men opplæringa er tydelegvis altfor dårleg. Norskkunnskapane har vore så dårleg at dei utanlandske sjukepleiarane ikkje kunne gått åleine på vakt.

- Det er kommunen som har ansvaret for at dei blir ei forsvarleg drift. Desse sjukepleiarane har fått oppgåver delegert oppgåver som kommunen har funne er forsvarlege å utføre. Det vil seie at dei ikkje har fått ansvarsvakter og heller ikkje gått åleine på vakt som sjukepleiar.

Ho seier at samarbeidet med Orange Helse etter alt å døme blir avslutta.

- Vi har planar om å avslutte fordi det ikkje har stått til forventningane.

Ikkje som forventa

Også helse- og sosialsjef Berit Wetlesen i Stryn er kritisk til dei utanlandske sjukepleiarane sine språkkunnskapar. I ein e-post til sjukepleiarforbundet i fylket skriv Wetlesen mellom anna at språkkunnskapane ikkje var så god som forventa, og at den varierte mykje mellom dei ulike pleiarane.

Vedgår at det er ei utfordring

Administrerande direktør i Orange Helse, Nils Paulsen, vedgår at språkkunnskapane til dei utanlandske sjukepleiarane kunne vore betre.

- Det kan eg vere einig i, og dette kan vere ei utfordring innan helsesektoren. Men vi må spørje oss kvifor vi har utanlandsk personell i Norge. Det er fordi vi har ein mangel, på både legar og sjukepleiarar.

- Men er det ikkje eit problem at dei er dårlege i norsk når dei skal snakke med eldre og kanskje senile pasientar?

- Eg kan lett forstå at dette er ei utfordring, men eg vil også vite kva som er alternativet så lenge det ikkje er norske sjukepleiarar å ta av, Kor skal fagkompetansen komme frå? Ønskjer ein å få tak i assistentar som kan norsk eller dei med fagkompetanse som snakkar litt dårlegare norsk.