For å spare pengar vil Helse Førde redusere sengeplassane ved øyre-nase-hals-avdelinga og spreie pasientane ut på andre avdelingar.
- Lite attraktiv
- Det vil bli så lite attraktivt å jobbe på ei slik avdeling at ein vil ha vanskar med å rekruttere spesiallegar, seier overlege Jon Arthur Kvamme. Avdelinga hans har i dag 3,4 overlegar og 19 senger. Denne avdelinga er den som vert råka hardast når Helse Førde no går i gang med innsparingstiltak.
Kan kutte sengene
Eitt framlegg er å kutte sengeposten på avdelinga og at pasientane skal flyttast rundt på andre avdelingar på sjukehuset. Det vil seie at pasientar som er inne til behandling for problem knytt til øyre-nase-hals og auge vil bli å finne på kirurgisk og gynekologisk avdeling.
- Dette er langt frå nokon heldig situasjon seier Kvamme.
Frustrerte
At pasientane vert skadelidande trur òg Kari Furevik. Ho er sjukepleiar på avdelinga og seier at ho og kollegaene er frustrerte over kuttforslaga.
Mange av sjukepleiarane på avdelinga har vore ved avdelinga lenge. Furevik seier at dette bidreg til at det er mykje viktig kompetanse samla her - kompetanse i eit fagmiljø som no kan gå tapt.
Fryktar spesialistane flyktar
Øyre-nase-hals og augeavdelinga har brukt lang tid på å byggje opp spesialavdelinga. Lenge sleit dei med å få tak i legar, og var nøydde til å leige inn spesialistar frå utlandet. No består legestaben her av faste spesialistar. Avdelingssjef Helge Hagen fryktar at desse ettertrakta spesialistane no skal forsvinne frå fylket.
Han har forståing for ønskjet om å spare inn pengar og effektivisere. Men ein drastisk reduksjon av sengepostane på avdelinga trur han vil vere det stikk motsette av effektivisering.