NRK Meny
Normal

- Sjukehuskannibalisme

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge reagerer kraftig på Ap-politikar Harry Mowatt sitt utspel om at ei gjenoppretting av fødeavdeling i Lærdal vil gå ut over andre sjukehustilbod.

Måndag vart det kjent at statsråd Liv Signe Navarsete og Senterpartiet sin fremste helsepolitikar, Rune Skjælaaen, kjempar internt i Regjeringa for å gjenopprette ei fødeavdeling ved Lærdal sjukehus.

Men i går gjekk Arbeidarpartipolitikar Harry Mowatt kraftig ut mot Skjælaaen, og sa han fører folk i ïndre Sogn bak lyset. Dersom ei fødeavdeling skal bli gjenoppretta, må jordmødrene bli sende til Haukland sjukehus for å få nok trening. Ei slik hospiteringsordning vil koste, og Mowatt meiner dette vil gå ut over andre sjukehustilbod i Sogn og Fjordane sidan Helse Førde alt har store innsparingkutt hengjande over seg. Mowatt meiner at helseføretaket no må prioritere rusomsorg og psykiatri.

- Tek parti

- Det er forbausande, og eg kan ikkje trur at dette er Sogn og Fjordane Arbeidarparti sin politikk, seier Bente Øien Hauge.

- At Moowatt går i den fella at han set tilbod opp mot kvarandre er veldig uheldig og uklokt. Å køyre ei slik linje med sjukehuskanibalisme er ikkje langsiktig tenking. Då ender vi til slutt med eitt sjukehus i fylket. Det betyr at Mowatt no spelar på lag med krefter som ikkje er spesielt opptekne av å styrkje Lærdal sjukehus, og det er eg veldig lei meg for.

- Meiner du no Mowatt skapar eit inntrykk av at Sogn og Fjordane Ap sviktar folk i indre Sogn?

- Ja, han kan få oss til å undre oss om det er slik. Men eg trur han faktisk er i utakt med sitt eige parti.

Vil ikkje kommentere

Fylkesleiar i Arbeiderpartiet Tor Bremer seier det er heilt utelukka for partiet å setje ulike sjukehustilbod i fylket opp mot kvarandre. Men han vil ikkje kommentere om Harry Mowatt dermed er i utakt med eige parti.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser