Hopp til innhold

- Sjukehusa utan økonomisk styring

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Petter Øgar, har sett seg grundig lei på manglande budsjettdisiplin innan spesialisthelsetenesta.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane, og tidlegare helsedirektør, Petter Øgar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare helsedirektøren meiner det er oppsiktsvekkjande at eit så viktig samfunnsledd årleg får bryte budsjetta utan å bli stogga.

- Du kan spørje kva rådmann du vil om dei kan basere seg på ein slik politikk. Då vil du få til svar at kommunane må halde seg innan dei økonomiske råmene dei har. Det er ein annan type offentleg verksemd som også brukar fellesskapet sine midlar, seier Øgar.

Rapportar om store og helst aukande underskot er ei årviss melding frå helseføretak i ulike delar av landet. Dette skjer trass i at veksten i sjukehusbudsjetta gjennom fleire år har vore rekordstor.

Petter Øgar / Fylkesmannsbloggen

Slit internt

Til dømes har Helse Førde igjen "fått lov" til å gå med underskot. I år med inntil 95 millionar kroner i minus. Tidlegare i år utsette styret saka om ambulansekutt etter lang tids debatt og kraftige reaksjonar. Så tok dei i bruk "ostehøvelen" for å gjere innsparingar.

LES OGSÅ: Krev ambulansekutt utgreidd

- Ostehøvelprinsippet er vel noko som blir nytta i beste meining for ikkje å måtte ta drastiske kutt som synleggjer at nokre tilbod fell bort. Samstundes viser det at det ikkje gjev varige løysingar og at desse stadige rundene slit internt i organisasjonen, seier Øgar.

- Unngår vanskelege val

Han meiner dei som styrer ikkje vågar å ta dei naudsynte avgjerder. Såleis meiner han at eksisterande tilbod og strukturar i for stor grad blir oppretthalde framfor styrking av tilbod til grupper som eldre, psykisk sjuke og pasientar med rusproblem.

- Ved å gjere det på denne måten, så unngår ein å ta dei svært vanskelege og upopulære vala som vil få økonomien i balanse. Denne kritikken råkar heile systemet, seier han.

Det er oppsiktsvekkande at ein samfunnssektor får halde fram på denne måten, og det undergrev tilliten til og solidaritetskjensla til systemet.

Petter Øgar / Fylkesmannsbloggen

- Skapar ikkje tillit og truverde

Det er på bloggen sin at den tidlegare helsedirektøren kjem med ei skikkeleg breiside mot dei ansvarlege helsestyresmaktene i landet. Her langar han ut mot den stadige runddansen når helseføretaket manglar pengar:

LES OGSÅ: Store ambulansekutt i vente

- Opposisjonspolitikarar vil at sjukehusa skal få meir pengar. Lokale aksjonistar og pressgrupper hevdar at vidareføring av eksisterande tenestetilbod er viktigare enn å halde tildelte budsjettrammer. Ansvarlege på ulike nivå – frå administrerande direktørar i helseføretaka til helseministeren – seier at overskridingane ikkje kan halde fram. Men sjølv om dei sit i direkte styrande posisjonar og har verkemidlar til rådvelde, ryk budsjetta – på nytt og på nytt. Slikt skapar ikkje tillit og truverde, skriv han.

Helse og omsorgsdepartementet vil drøfte utsegnene frå Øgar før dei kommenterer saka.