Hopp til innhold

- Sjikane er ikkje vegen å gå

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehues tek sterk avstand frå trugsmåla og sjikanen som styremedlem i Helse Førde er blitt utsette for.

Bente Øien Hauge

- Eg trur folk flest klarer å skilje mellom aksjonsgruppene sitt arbeid i det offentlege rom, og det enkeltpersonar gjer, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus. Ho tek sterk avstand frå sjikane og trugslar som medlem i Helse Førde-styret blir utsett for.

Foto: Privat

Både styremedlem Harry Mowatt og styreleiar Clara Øberg fortel om sjikanerande og trugande brev etter at styret i Helse Førde gjorde framlegg om å erstatte lokalsjukehusa i Eid og Lærdal med lokalmedisinske senter . Bente Øien Hauge meiner det er folk utan røyst i det offentleg rom som står bak slike brev.

- Slikt vil ikkje hjelpe saka. Tvert imot skader det saka og avsporer diskusjonen. Det er ingen farbar veg å drive personsjikane mot styremedlem, seier ho.

Avmakt og redsel

Ho forstår den psykologiske dimensjonen som får enkeltindivid til å ta eit slikt steg, å sende trugande og sjikanerande brev når dei kjenner seg urettferdig behandla. Men, det er inga unnskyldning, seier Øien Hauge.

- Eg trur eigentleg at slike brev må forståast på bagrunn av den avmakta og redselen som mange kjenner akkurat no. Framlegget har utløyst ein del frykt hos innbyggjarane i Nordfjord og Sogn, seier ho.

- Feil aksjonsform

Tysdag var Øien Hauge i Oslo saman med fleire aksjonistar for å markere sin motstand for endringane som er i ferd med å skje i sjukehus-Norge . Fleire sjukehus er nedlegginstruga. Ho meiner personangrep er feil aksjonsform.

- Eg oppmodar til å bruke det offentlege rom, avisdebattar, tilbakemeldingar på høyringsdokument og å ta kontakt med politikarar, seier Øien Hauge.